forflytta seg oppå eit dyr From Wikipedia, the free encyclopedia
Riding eller å ri viser til å ta seg fram sitjande oppå eit dyr. Riding på hest er i dag utbreidd i heile verda, men ei rekkje andre dyr kan også brukast som ridedyr, til dømes esel og muldyr, lama, kamel, jak og elefant. Å ri kan vera ein passande måte å ta seg fram på, ein idrett, ein fritidssyssel eller mest underhaldning.
Ein rir gjerne ved å sitja skrevs over ryggen eller nakken til ridedyret. For å sitja betre kan ein bruka sal og stigbøylar. Ved nokre høve kan ein sitja med føtene samla på eit sete eller ned eine sida av dyret, som på ein damesal. Dyret kan styrast gjennom signal, seletøy, ved at det blir leia av gåande menneske eller ved at det følgjer andre dyr.
Fleire ulike arbeidsdyr kan brukast til riding. Dei må vera store og sterke nok til å bera menneske, og bør samtidig vera tamme nok til å kunna styrast. Nokre dyr blir ganske sjeldan til riding, som reinsdyr og storfe. Andre blir brukt som underhaldning meir enn for nytteverdien, til dømes sauer, grisar, sebraer, skjelpadder og struts.[1]
Riding har vore viktig gjennom historia, og blir brukt som verkemiddel i kulturen. Ridedyr kan til dømes brukast symbolsk for å visa kvaliteten til ryttaren. I ulike mytologiar kan gudar kan ha særskilde ridedyr knytt til dei. I hinduismen kan krigargudinna Durga ri på ei løve eller ein tiger. I gresk mytologi blei den lamme smed-guden Hefaistos gjerne framstilt ridande på eit esel.[2] I kristen tradisjon er sogene om Jesus og jomfru Maria sin bruk av esel som ridedyr rekna som eit symbol på fred og audmjuke.[3]
I nyare tid er riding blitt brukt som politisk kommentar, til dømes ved å framstilla kandidatane til presidentvalet i USA i 1912 som ridande på dyret som symboliserte deira parti: William Howard Taft på ein elefant, Woodrow Wilson på eit esel og Theodore Roosevelt for det nystarta Progressive eller «Bull Moose»-partiet på ein elg. Elgbildet av Roosevelt er seinare blitt misteke for å vera ekte.[4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.