From Wikipedia, the free encyclopedia
Powerslave er det femte studioalbumet til det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden. Det vart gjeve ut den 3. september 1984 på EMI i Europa og systerselskapet Capitol Records i Nord-Amerika, og kom sidan ut på Sanctuary/Columbia Records i USA i 2002.
Powerslave Studioalbum av Iron Maiden | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 3. september 1984 | |
Innspelt | Februar - juni 1984[1] i Compass Point Studios i Nassau på Bahamas | |
Sjanger | Heavy metal | |
Lengd | 51:12[2] | |
Selskap | EMI Capitol (Nord-Amerika) | |
Produsent | Martin Birch | |
Iron Maiden-kronologi | ||
---|---|---|
Piece of Mind (1983) |
Powerslave | Somewhere in Time (1986) |
Singlar frå Powerslave | ||
|
Albumet er kjend for det gamle egyptiske temaet i plateomslaget, som kjem frå tittelsporet. Ein liknande design vart nytta under turneen for å marknadsføre albumet. The World Slavery-turneen byrja i Warzsawa i Polen den 9. august 1984, og vert rekna som den lengste og mest slitsame turneen til bandet. Konsertalbumet Live After Death bestod av konsertopptak frå turneen.
På albumet finn ein ei musialsk attforteljing av Samuel Taylor Coleridge sitt «The Rime of the Ancient Mariner», med bitar av det originale diktet som tekst. Med ei lengd på 13 minuttar og 45 sekund var han den lengste songen til Iron Maiden i over 30 år, før han vart forbigått av den 18 minuttar lange «Empire of the Clouds» frå albumet The Book of Souls i 2015.
Powerslave er kjend som det første albumet for bandet med same besetning som på det førre studioalbumet. Denne besetninga vart verande intakt på dei to neste albuma. Det er òg det siste albumet deira så langt som inneheld eit instrumentalt stykke.
«2 Minutes to Midnight» og «Aces High» vart gjevne ut som singlar.
Etter at den særs suksessrike World Piece-turneen var over i desember 1983, der Iron Maiden hadde spelt på store konsertstader og arenaer i USA for første gongen i karrieren,[7] tok bandet tre veker ferie i januar 1984, før dei møttes på Jersey.[1] Som med føregangaren til Powerslave, Piece of Mind (1983), var dette der dei felste songane vart skrivne før dei spelte inn plata i Compass Point Studios i Nassau på Bahamas.[8]
Bassisten Steve Harris har fortalt at songen «Rime of the Ancient Mariner» vart skriven på relativt kort tid på grunn av tidspress.[9] Han var inspirert av Samuel Taylor Coleridge-diktet med same namn,[10] og nyttar to direkte sitatet frå diktet, som 'Water, water everywhere – nor any drop to drink'.[11] Med ei lengd på over 13 minuttar inneheld songen fleire parti i forskjellige stemning og vart ein fan-favoritt.[3] Under turneen deira i 2008–09, Somewhere Back in Time-turneen, sa gitaristen Dave Murray, vokalisten Bruce Dickinson og Harris at dette var den kjekkaste songen dei spelte på turneen.[12]
Då plata var ferdig innspelt tok bandet ein ny ferie, medan albumet vart miksa i Electric Lady Studios i New York, før dei møtte opp i Ft. Lauderdale i Florida for å øve for World Slavery-turneen.[13] Turneen byrja i Polen i august 1984, og enda i Californa seint i 1985.[14] Det var første gongen eit heavy metal-band hadde spelt ein heil konsert bak Jernteppet i Europa.[14] Det var òg første gongen bandet spelte i Sør-Amerika, der dei spelte for 300 000 menneske under den første Rock in Rio som spesialgjester hos bandet Queen.[9] Albumet og videoen Live After Death vart spelt inn i løpet av fire konsertar i Long Beach Arena i LA og Hammersmith Odeon i London,[15] og nådde høvesvis andre og førsteplassen på den britiske salslista.[16]
I alt var turneen 13 månader lang og vitja 28 land.[14] Powerslave debuterte på andreplassen på UK Albums Chart.[14][16][17] I følgje både Nicko McBrain og Adrian Smith, gjorde Powerslave Iron Maiden kjende «særs raskt», i stader som Brasil, der hundrevis av fans venta utafor hotella og restaurantane der bandet var.[9]
«Flash of the Blade» vart nytta i filmmusikken til Dario Argento-skrekkfilmen Phenomena i 1985 og vart spelt av det amerikanske bandet Avenged Sevenfold på det doble konsertalbumet deira, Live in the LBC & Diamonds in the Rough. Rhapsody of Fire har òg spelt songen på albumet From Chaos to Eternity. Songen «Flash of the Blade» vart spelt i ein episode av Jem and the Holograms.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Aces High» | Steve Harris | 4:31 |
2. | «2 Minutes to Midnight» | Adrian Smith, Bruce Dickinson | 6:04 |
3. | «Losfer Words (Big 'Orra)» (Instrumental) | Harris | 4:15 |
4. | «Flash of the Blade» | Dickinson | 4:05 |
5. | «The Duellists» | Harris | 6:18 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Back in the Village» | Smith, Dickinson | 5:02 |
7. | «Powerslave» | Dickinson | 7:12 |
8. | «Rime of the Ancient Mariner» | Harris | 13:45 |
Total lengd: | 51:12 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Rainbow's Gold» | Terry Slesser, Kenny Mountain | 4:57 |
2. | «Mission From 'Arry» | Harris, Nicko McBrain | 6:42 |
3. | «King of Twilight» | Roye Albrighton, Mick Brockett, Allan Freeman, Ron Howden, Derek «Mo» Moore | 4:53 |
4. | «The Number of the Beast» (live: Hammersmith Odeon, London, UK – oktober 1984) | Harris | 4:57 |
Henta frå plateomslaget.[2][18]
Album
|
Singlar
Fotnotar
|
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.