Jersey

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jersey

Jersey er ei øy i Den engelske kanalen utanfor kysten av Normandie i Frankrike. Jersey er del av øygruppa Kanaløyane, som igjen er del av den større øygruppa Dei britiske øyane. Jersey er, på same vis som Isle of Man, formelt ikkje ein del av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland (UK). Jersey er direkte lagd inn under den britiske monarken, som ein kroneigedom. Utanrikspolitikk og forsvarspolitikk vert for det meste teke hand om av britiske styresmakter.

Kjappe fakta Land, Del av ...
Jersey
Bailiwick of Jersey
Bailliage de Jersey
øy
Thumb
Thumb
Flagg
Thumb
Symbol
Nasjonalsong: God Save the King & Ma Normandie
Land  Storbritannia
Del av British Islands, Nord-Europa
Hovudstad Saint-Hélier
Areal 118,2 km²
Folketal 105 500 (desember 2017)[1][2][3]
Britisk kroneigedom 1204
Språk engelsk, fransk, jèrriais
Hertug Charles III
   Viseguvernør Sir Tim Le Cocq
   Førsteminister Lyndon Farnham
Tidssone GMT
Retningsnummer 44-1534
Domene .je
Thumb
Jersey
49.19°N 2.11°W / 49.19; -2.11
Thumb
Kart som viser Jersey.
Kart som viser Jersey.
Wikimedia Commons: Jersey
Lukk

Bailiwick of Jersey omfattar i tillegg små øygrupper som ikkje lenger er busette, Minquiers, Écréhous og Pierres de Lecq[4] i tillegg til andre holmar og skjer.

Jersey er ikkje eit fullt medlem av Den europeiske unionen, men er ein del av tollområdet i EU.[5]

Politikk

Jersey er ein bailiwick (futedøme) med kong Charles III som statssjef. Kongen er representert i futedømet av ein viseguvernør. Det lokale styringsorganet er States of Jersey, som består av futen (Bailiff) og visefuten, 55 valde medlemer og tre ex officio-medlemer utan røysterett. Dei valde medlemene er: 12 senatorar (valde kvart 6. år), 12 heradsoverhovud (valde kvart 3. år) og 29 representantar (valde kvart 3. år). Medlemer ex officio er: domprosten, generaladvokaten og generalsakføreren (alle utnemnde av monarken).

Jersey har ingen politiske parti og ingen statsminister. Futen fungerer som formann både for styringsorganet og den kongelege domstolen.

Historie

Historia til øya Jersey er prega av den strategiske posisjonen mellom den nordlege kysten av Frankrike og sørkysten av England. Den nedskrivne historia til øya strekkjer seg over tusen år.

Det er vorte funne spor mange stader på øya etter både bronsealder- og jernalder-busetnader. Medan ein har arkeologiske funn frå romartida, spesielt på kysten ved Le Pinacle, Les Landes med funn av ein enkel struktur som ein meiner har vore romersk tempeldyrking (fanum), har spor etter romersk busetnader vore vanskelegare å påvise.[6]

Under kontroll av Bretagne og med namnet Angia (òg skrive Agna)[7] vart Jersey påverka av norrøne invasjonar og busetnader frå 800-talet og framover, og øya har sidan vore rekna som ei av dei normanniske øyane.

Namnet «Jersey» har truleg norrønt opphav, sidan endinga «ey» er norrønt for øy og tilsvarande namn finn ein fleire stader nord i Europa. Første stavinga «Jers» er derimot vanskelegare å finne opphavet til. Av dei kreative framlegga finst teorien at det er avleidd frå jarth, norrønt for jord, eller den norrøne tittelen jarl, men kan òg ha vore eit personleg namn som Geir, noko som opphavleg vil ha gjeve namnet «Geirsøy», sidan forvanska til Jersey.[8]

Støtte for eit keltisk namneopphav kan bli gjort frå det galliske gar (eik), ceton (skog). Det har òg vorte påstått at namnet er ei forvansking av det latinske Caesarea, namnet til romarane på øya, som har vorte påverka av den gammelengelske endinga ey for øy. Dette er berre mogeleg om den lokale uttalen av latinske Caesarea ikkje vart uttalt kaisarea, men tfersarea.[9][10]

Øya vart til slutt annektert under Hertugdømet Normandie ved Vilhelm Langsverd, hertug av Normandie, i 933. Etterkomaren hans, Vilhelm Erobraren, invaderte England i 1066, noko som førte at hertugdømet Normandie og kongedømet England vart styrte under éin monark.[11] Hertugane av Normandie åtte store eigedomar på øya, og normanniske familiar som levde på eigedomane deira danna mange av dei historiske normannisk-franske familienamna.

Kong Johan miste alle områda til England på fastlandet Normandie i 1204 til kong Filip II av Frankrike, men heldt posisjonane sine på Jersey saman med Guernsey og dei andre Kanaløyane. Øyane har vore lokalt sjølvstyrte sidan den gong.[12]

Øybuarane vart involverte i fiske på Newfoundland på slutten av 1500-talet. Som respekt for den hjelpa som vart gjeve han i løpet av dei åra han var i eksil på Jersey på 1640-talet gav Karl II av England guvernør George Carteret ein stor del land i dei amerikanske koloniane og som han så døypte om til New Jersey, no ein del av USA.[13][14]

Handel gav grunnlaget for framgang, hjelpt av nøytraliteten mellom England og Frankrike.[15] Levemåten på Jersey betydde jordbruk, fiske, skipsbygging og produksjon av ullvarer frå sau, men heilt frå 1800-talet førte den stadig betre sjøtransporten til turisme på øya.

Jersey vart okkupert av Tyskland frå 1. juli 1940 og vart halde fram til 9. mai 1945.[16]

Administrativ inndeling

Thumb
Sokn på Jersey.

Jersey er delt inn i tolv sokn:

  • Grouville (tidlegare Saint Martin dei Grouville)
  • Saint Brélade
  • Saint Clement
  • Saint Helier
  • Saint John
  • Saint Lawrence
  • Saint Martin (tidlegare Saint Martin le Vieux)
  • Saint Mary
  • Saint Ouen
  • Saint Peter
  • Saint Saviour
  • Trinity

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.