Pollucitt
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Pollucitt er eit kvitt til fargelaust, glasaktig mineral. Det krystalliserer kubisk. Mineralet er eit vasshaldig aluminiumsilikat av cesium og natrium, (Cs,Na)2Al2Si4O12·H2O. Det vert ofte rekna til zeolittgruppa. Det finst på einskilde granittpegmatittar, mellom anna i USA, Namibia, Finland og Sverige.
Pollucitt | |||
Idiomorf, tavleforma krystall av fargelause, gjennomskinelege og skinande pollucitt med rima krystall flater frå Afghanistan (storleik: 2.7 x 2.4 x 1.2 cm) | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Zeolittmineral | ||
Kjemisk formel | Cs(Si2Al)O6.nH2O | ||
Strunz-klassifisering | 9.GB.05 | ||
Dana-klassifisering | 77.1.1.2 | ||
Krystallsymmetri | Isometrisk heksoktahedral H-M-symbol: (4/m32/m) Romgruppe: Ia3d | ||
Einingscelle | a = 13.67 Å; Z=16 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Vanlegvis fargelaus, òg kvit, grå, rosa, blå eller fiolett | ||
Krystallform | Avvikande massiv, sjeldne krystallar er normalt trapesforma eller kubiske | ||
Krystallsystem | Isometrisk | ||
Kløyv | Ingen observert | ||
Brot | Muslig til ujamn | ||
Fastleik | Sprø | ||
Mohs hardleiksskala | 6.5 til 7 | ||
Glans | glasaktig til feittete | ||
Strekfarge | Kvit | ||
Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg | ||
Spesifikk vekt | 2.7 til 3.0 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Isotrop eller særs svakt anisotrop | ||
Brytingsindeks | 1.508-1.528 | ||
Oppløyselegheit | Lett oppløyseleg i hydrogenfluorid, oppløyesest treigt i varm saltsyre | ||
Andre eigenskapar | Stundom svakt fluorescerande under kortbølgja- og langbølgja UV-stråling | ||
Kjelder | [1][2][3][4] |
Det vart først skildra av August Breithaupt i 1846 etter ein førekomst på øya Elba i Italia. Det er kalla opp etter Pollux, tvillingen til Castor, fordi det ofte er funnen i lag med petalitt, somt tidlegare vart kalla castoritt.[5]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.