From Wikipedia, the free encyclopedia
Paulus Pieterszoon Potter (1625–1654) var ein nederlandsk målar under barokken, særleg kjend for sine måleri med dyr i landskap.
Paulus Potter | |
Bartholomeus van der Helst: Potrett av Paulus Potter | |
Statsborgarskap | Dei sameinte Nederlanda |
Fødd | 20. november 1625 Enkhuizen |
Død |
17. januar 1654 (28 år) |
Yrke | kunstmålar, lyrikar, raderer, grafikar, grafikar, bygningstegner, biletkunstnar |
Sjanger | landskapsmåleri, dyremåleri, sjangermåleri, historiemåleri |
Medlem av | Sint-Lucasgildet |
Far | Pieter Symonsz. Potter |
Paulus Potter på Commons |
Potter vart døypt 20. november 1625 i Enkhuizen. Han gjekk fyrst i lære i faren Pieter Symonsz. Potter sitt atelier i Amsterdam, dit familien flytta i 1631. Seinare var han elev hos Jacob de Wel, kanskje også hos Pieter Lastman og Claes Moeyaert.
I 1646 fekk Potter medlemskap i Sint-Lucasgildet, målarlauget i Delft. År 1649 budde han i Den Haag, også der registrert som medlem av målarlauget. Tre åre seinare vende han tilbake til Amsterdam, der den kjende medisinaren Nicolaes Tulp vart ein viktig hjelpesmann.
Dei eldste kjende arbeida til Potter er datert til 1641. Han laga om lag 130 måleri, dei fleste i miniformat, før han døydde av tuberkulose. Framom alt måla han bilete av hollandske slettelandskap med detaljerte og nøyaktige framstillingar av dyr, samt sjangermåleri og jaktmotiv. Potter er vide kjend for sine måleri med dyr, særleg av storfe. Hans mest kjende verk er Stuten frå 1647, eit måleri i stort format.
Den 17. januar vart han gravlagt i Amsterdam, berre 28 år gammal.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.