britisk skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Patrick Stewart (fødd 13. juli 1940) er ein britisk Golden Globe- og Emmy-nominert skodespelar. Stewart er kjend for roller i Shakespeare-stykke, rolla som kaptein Jean-Luc Picard i Star Trek: The Next Generation og rolla som professor X i X-Men. Han har òg fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.
Patrick Stewart | |||
| |||
Fødd | 13. juli 1940 (84 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Mirfield | ||
Fødenamn | Patrick Stewart | ||
Aktive år | 1964– | ||
Verka som | fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, stemmeskodespelar, regissør, universitetslærar, teaterskodespelar, skodespelar, filmregissør | ||
Ektefelle | Wendy Neuss, Sunny Ozell, Sheila Falconer | ||
Born | Daniel Stewart | ||
Prisar | offiser av Den britiske imperieordenen, Knight Bachelor, Grammy Award, æresdoktor ved Vrije Universiteit Brussel, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Laurence Olivier Award for Best Actor in a Supporting Role |
Patrick Stewart blei fødd i Mirfield i West Yorkshire i England som son av Gladys Barrowclough, ein vever og tekstilarbeidar, og Alfred Stewart, ein sersjant i den britiske hæren som tenestegjorde ved King's Own Yorkshire Light Infantry og arbeidde som postmann.[1] Han gjekk på Crowlees C of E Junior and Infants School,[2] og 12 år gammal byrja han i 1951 på Mirfield Secondary Modern School,[3] der han fortsette med å studera drama. Rundt denne tida møtte han skodespelaren Brian Blessed ved eit dramakurs i Mytholmroyd, og dei blei venar.[4]
Då han var 15 år gammal slutta Stewart på skulen og auka deltakinga si ved lokale teater. Han fekk ein jobb som reporter i ei avis, men eitt år seinare bad arbeidsgjevaren han om å velja mellom skodespel og journalistikk.[5] Han valde skodespel og sa opp jobben.
I 1957, 17 år gammal, byrja Stewart på eit to år langt kurs ved Bristol Old Vic Theatre School. Han mista mesteparten av håret då han var 19, men fekk fleire roller i teaterstykke etter å ha vore på auditon både med og utan parykk der han omtalte seg sjølv som «to skodespelarar til prisen for ein!»[5]
Etter ein periode ved Manchester Library Theatre, gjekk Patrick Stewart vidare og blei med i Royal Shakespeare Company (RSC) i 1966, der han spelte saman med skodespelarar som Ben Kingsley og Ian Richardson. Han debuterte på Broadway som Snout i Peter Brook si legendariske oppsetting av A Midsummer Night's Dream, før han byrja ved Royal National Theatre tidleg på 1980-talet.
I løpet av fleire år fekk Stewart roller i fleire større fjernsynsseriar, utan at han eigentleg blei eit kjent namn. Han spelte rolla som Lenin i Fall of Eagles; Sejanus i I, Claudius; Karla i Tinker, Tailor, Soldier, Spy og Smiley's People og Claudius i ei BBC-innspeling av Hamlet. Han fekk til og med hovudrolla i BBC si oppsetting av Mrs Gaskell sitt verk North and South.
Patrick Stewart hadde òg nokre mindre filmroller, som King Leondegrance i John Boorman sin film Excalibur (1981), som Gurney Halleck i David Lynch sin film Dune frå 1984 og som Dr. Armstrong i Tobe Hooper sin film Lifeforce.
I 1987, etter å ha deltatt på eit Shakespeare Seminar ved University of California i Santa Barbara, drog Patrick Stewart til Los Angeles for å spela rolla som Captain Jean-Luc Picard i science fiction-serien Star Trek: The Next Generation. Han var likevel så sikker på at han kom til å få sparken i løpet av den første sesongen i serien, at han ikkje pakka ut bagasjen sin dei første seks vekene av filminga.[6] Serien viste seg å bli ein enorm suksess, med 18 ulike Emmy-prisar og 40 nominasjonar. Serien gjekk vidare i sju sesongar, med Stewart i hovudrolla.
Frå 1994 spelte Stewart òg Picard i fleire filmar basert på serien: Star Trek Generations (1994), Star Trek: First Contact (1996), Star Trek: Insurrection (1998), og Star Trek Nemesis (2002). Han spelte òg Picard i pilotepisoden Star Trek: Deep Space Nines. Stewart har sagt at livet hans blei endra drastisk av Star Trek, og han er blitt sitert:
Patrick Stewart har spelt fleire andre roller, frå den homofile Sterling i filmen Jeffrey til kong Henrik II av England i filmen The Lion in Winter og Captain Ahab i filmen Moby Dick (som han blei nominert til ein emmypris for). Seint i 2003 dukka Stewart opp i komiserien Frasier som ein homofil mann som feilaktig trudde at Frasier Crane var ein potensiell elskar.
Stewart har òg spelt i trilogien X-Men, X2 og X-Men: The Last Stand som Professor X Charles Xavier. Filmane hadde enorm suksess.
I 2005 fekk Patrick Stewart rolla som professor Ian Hood i ein ITV-thriller på fire episodar, Eleventh Hour, skapt av Stephen Gallagher.[7] Den fyrste episoden blei send 19. januar 2006. I 2005 spelte han Captain Nemo i ein todelt fjernsynsserie av The Mysterious Island. Stewart har òg vore med i Ricky Gervais sin fjernsynsserie Extras, der han erstatta Jude Law like før produksjonen byrja. For å spela seg sjølv blei han òg nominert til ein emmypris i 2006 for Guest Actor in a Comedy Series.[8]
Stewart er blitt utnemd til Chancellor of the University of Huddersfield. Han blei utnemnd til offiser av Order of the British Empire (OBE) i nyttårslista 2001. I nyttårslista for 2010 blei han utnemnd til Knight Bachelor og med det opphøgd i riddarstanden og adla. Han har etter dette rett til å bruka tiltaleforma sir før namnet sitt.[9]
I oktober/november 2006 akompagnierte Stewart the Royal Shakespeare Company då dei sette opp stykka The Tempest, Antony and Cleopatra og Julius Caesar ved University of Michigan. Han spelte sjølv rolla som Antony igjen, denne gongen mot Harriet Walter som Cleopatra i ei kritikarrost oppsetting av Antony and Cleopatra ved Novello Theatre i London i 2007.
Patrick Stewart blei utnemnd til Cameron Mackintosh Visiting Professor of Contemporary Theatre basert ved St Catherine's College ved University of Oxford i januar 2007.[10]
Patrick Stewart har gjeve stemme til fleire prosjekt. Han har mellom anna spelt inn Peter and the Wolf av Prokofjev, Dei fire årstidene av Vivaldi, The Last Battle av C.S. Lewis (avslutninga på serien The Chronicles of Narnia), Return to the Centre of the Earth av Rick Wakeman og vore forteljar i The Nightmare Before Christmas. Han har også bidrege til ei rekkje fjernsynsprogram, som High Spirits with Shirley Ghostman. Stewart sørgde òg for stemma til Nine Worlds, ei astronomisk reisa gjennom solsystemet. Ein kan òg høyra han som stemma til den magiske spegelen i Disneyland sitt liveshow Snow White – An Enchanting Musical.
Stewart har også vore stemmeskodespelar i fleire animerte filmar, som The Prince of Egypt, Jimmy Neutron: Boy Genius, Chicken Little, The Pagemaster, og på dei engelske dubba versjonane av dei japanske animefilmane Nausicaä of the Valley of the Wind av Hayao Miyazaki og Steamboy. Han hadde òg stemma til grisen Napoleon i ei filmatisering av George Orwell si bok Animal Farm, og hadde ei gjesterolle i Simpsons-episoden «Homer the Great» som karakteren Number One. Meir nyleg har han spelt rolla som CIA-leiaren Avery Bullock (både stemme og likskap blir brukt til denne rollefiguren) i den animerte fjernssynserien American Dad, og har dessutan vore med på Family Guy fleire gonger (både som Captain Picard og som erstatning for stemma til Peter Griffin). I 2006 gav Stewart stemme til Bambi sin far, The Great Prince of the Forest, i Disney sin videofilm Bambi II.
Patrick Stewart har òg vore stemmeskodespelar i fleire videospel frå Activision, som Star Trek: Armada, Armada II, Bridge Commander og Elite Force II, i alle saman i rolla som Captain Picard. Stewart tok oppatt rolla i spela Star Trek: Legacy for PC and Xbox 360, saman med fire andre Starfleet-kapteiner frå ulike Star Trek-seriar.
I tillegg til å gje stemme til rollefiguren sin frå Star Trek og X-Men i fleire videospel, har Stewart òg gitt stemme til andre typar videospel, som Lands of Lore, Forgotten Realms: Demon Stone og The Elder Scrolls IV: Oblivion, som gjorde at han i 2006 vann ein Spike TV Video Game Award for rolla si som keisar. Han har òg gjeve stemma til fleire utgåver av Compton's Interactive Encyclopedia.
Saturn Award (Academy of Science Fiction, Fantasy & Horror Films, USA)
I 1964 møtte Stewart Sheila Falconer, som var koreograf ved The Old Vic. Dei gifta seg 4. mars 1966. Paret har to barn saman, Daniel Freedom og Sophie Alexandra. Daniel hadde seinare ei gjesterolle i ein episode av Star Trek: The Next Generation. Stewart og Falconer skilde seg i 1990. I 1997 trulova han seg med Wendy Neuss, ein av produsentane av Star Trek: The Next Generation, og dei gifta seg 25. august 2000, men skilde lag tre år seinare. Fire månader før skilsmissa si frå Neuss spelte Stewart mot Lisa Dillon i ein produksjon av The Master Builder. Dei var sambuarar til 2007.[15] I 2008 møtte Stewart songaren Sunny Ozell under ein produksjon av Macbeth ved Brooklyn Academy of Music. Dei innleidde eit forhold, flytta saman i 2012 og gifta seg i september 2013. Skodespelaren Ian McKellen, ein nær ven av Stewart, vigde paret.[16]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.