Partitur
From Wikipedia, the free encyclopedia
Eit partitur er eit notehefte som inneheld alle stemmane i eit musikkverk. Alle stemmane er stilte opp under kvarandre slik at taktstrekane følgjer ei rett loddrett linje. Ordet kan i prinsippet gjelda kva slags musikalsk sats som helst, berre han blir skriven på fleire enn eitt system, men vanlegvis blir omgrepet nytta om verk for fleire enn to-tre musikarar — strykekvartettar, symfoniorkester, kor og liknande. I eit orkester er det vanlegvis berre dirigenten som har partitur, musikarane har berre dei notane dei sjølv spelar for at dei skal sleppa å bla så mykje.


Partituroppsett til ulike orkester
Barokkorkester
Kva instrument som er med i eit barokkorkester varierer; oppsettet nedanfor er eit eksempel:
Klassisk orkester
Eit wienerklassisk orkester (det vil seia slik som Haydn, Mozart og Beethoven skreiv for) pleier å ha følgjande stemmar i partituret. Stemmane er vanlegvis ordna i denne rekkjefølgja.
Romantisk orkester/Stort moderne orkester
Stor orkester for Der Ring des Nibelungen
Partituret til Richard Wagners Der Ring des Nibelungen eksemplifiserer eit større orkester. Partituret gir notasjon for:
- 4 fløyter
- 3 oboar
- 1 engelsk horn
- 3 klarinettar
- 1 bassklarinett
- 3 fagottar
- 2 paukar
- 3 trompetar
- 1 basstrompet
- 3 trombonar
- 1 basstrombone
- 8 valthorn
- 5 wagnertubaer
- 8 harper
- Strykeseksjon med:
- 16 fyrstefiolinar
- 16 andrefiolinar
- 12 bratsjar
- 12 celloar
- 8 kontrabassar
pluss kor og vokalistar.
Til saman er det då noter for 110 medverkande i orkesteret.
Normalstort orkester
Der Ring des Nibelungen-orkesteret er eit større orkesteret enn vanleg. Eit partitur for ein vanleg besetning gir noter for:
- 3 fløyter
- 1 pikkolofløyte (der ein fløytist alternerer mellom fløyte og pikkolofløyte)
- 3 oboar
- 1 engelsk horn (der ein oboist alternerer mellom obo og engelsk horn)
- 3 klarinettar
- 1 bassklarinett (der ein klarinettist alternerer mellom klarinett og bassklarinett)
- 2 fagottar
- 4 valthorn
- 3 trompetar
- 3 trombonar
- 1 tuba
- 1 pauke
- 3 slagverkarar
- 1 harpe
- strykeseksjon med:
- 16 fyrstefiolinar
- 14 andrefiolinar
- 12 bratsjar
- 10 celloar
- 8 kontrabassar
Kjelde
- Denne artikkelen bygger på «Partitur» frå Wikipedia på svensk, den 24. juni 2009.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.