Paparoa Range er ei fjellkjede på Vestkysten av SørøyaNew Zealand. Ho var truleg det fyrste newzealandske landområdet som blei sett av ein europear, Abel Tasman, i 1642. Ein del av området er verna som Paparoa nasjonalpark, som blei skipa i 1987.

Kjappe fakta Land ...
Paparoa Range
fjellkjede
Thumb
Land  New Zealand
Thumb
Paparoa Range
42.143°S 171.517°E / -42.143; 171.517
Wikimedia Commons: Paparoa Range
Lukk

Historie

Den nederlandske utforskaren Abel Tasman var den fyrste (kjende) europearen som kom til New Zealand (Aotearoa), som han kalla Staten Landt, og han kom dit for fyrste gong 13. desember 1642. Tasman hadde 110 menn under sin kommando, og reiste med to skip, «Heemskerck» og «Zeehaen». Ein trur at skipa låg utanfor Punakaiki, og om detter er rett, var det Paparoa Range dei såg.[1]

Ein del av området er verna som Paparoa nasjonalpark, som blei oppretta i 1987. I denne parken skjedde Cave Creek-ulukka i 1995.[2]

To innbyggjarar frå Grey Valley, Trevor Johnston og Kevin Dash, var dei fyrste en kjenner til som gjekk Paparoa Range på langs frå nord til sør i 1986. Dei skreiv seinare ei bok om opplevinga, Touch the Wilderness.[3]

Geografi

Fjellkjeda ligg langs kysten mellom Buller- og Grey-elva, med Inangahua-elva i aust. Den høgaste toppen i Paparoa-fjella er Mount Uria på 1525 meter, og ei rekkje andre toppar er høgare enn 1200 meter. Papahaua Range nord for Buller-elva er eit geologisk framhald av Paparoa Range.[4] Den sørlege delen av området ligg i Grey District og den nordlege delen i Buller District. Nokre av toppane ligg på grensa mellom dei to distrikta.

Mange av toppane som har namn er kalla opp etter vitskapsfolk. Dette temaet blei innført av oppdagaren Julius von Haast.[5] Toppane inkluderer Buckland Peaks (etter William Buckland), Mount Faraday (Michael Faraday; namngjeven av von Haast), Mount Curie (Marie Curie), Mount Mendel (Gregor Mendel), Mount Pasteur (Louis Pasteur), Mount Einstein (Albert Einstein), Mount Rutherford (Ernest Rutherford), Mount Euclid (Evklid), Mount Fleming (Alexander Fleming), Mount Lavoisier (Antoine Lavoisier), Mount Kelvin (William Thomson, 1. baron Kelvin; namngjeven av botanikaren William Trownson), Mount Copernicus (Nicolaus Copernicus), Mount Galileo (Galileo Galilei) og Davy (Humphry Davy; namngjeven av von Haast).[6][7][8][9]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.