Antoine Lavoisier
fransk kjemikar From Wikipedia, the free encyclopedia
fransk kjemikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Antoine Laurent Lavoisier (26. august 1743–8. mai 1794) var ein fransk adelsmann, ofte kalla far til den moderne kjemien, som har ein framståande plass i historia til kjemien og biologien. Lavoisier var med på å skape det metriske systemet, og samanfatte den fyrste utvida lista over grunnstoff, dessutan ytte han sitt i å reformere terminologien innan kjemien. Han namngav både oksygen, i 1778, og hydrogen, i 1783, og peika på at det då ukjende stoffet silisium måtte finnast i 1787. Han var også den fyrste som godtgjorde at svovel var eit stoff (1777), meir enn eit kjemisk blandingsmateriale. Han oppdaga at trass i at materien kan endre form, så er massen alltid den same.
Antoine Lavoisier | |||
| |||
Fødd | 26. august 1743 Paris | ||
---|---|---|---|
Død | 8. mai 1794 place de la Concorde | ||
Nasjonalitet | Kongedømet Frankrike, Den første franske republikken | ||
Område | kjemi | ||
Yrke | kjemikar, samfunnsøkonom, biolog, fysikar, akademikar, advokat, astronom, skribent, administrator | ||
Institusjonar | Ferme générale | ||
Alma mater | Faculté de droit de Paris | ||
Ektefelle | Marie-Anne Pierrette Paulze | ||
Medlem | Royal Society Société philomathique de Paris Det franske vitskapsakademiet Paris Bar Association American Philosophical Society Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL |
Lavoisier var ein administrator av skatteomsynet Ferme Générale og ein mektig medlem i mange andre aristokratiske forsamlingar. Desse politiske og økonomiske stillingane sette han i stand til å koste dei vitskaplege undersøkingane hans. Medan den franske revolusjonen var på sitt mest hektiske, skulda Jean-Paul Marat han for å selje forfalska tobakk og andre misgjerningar, og Lavoisier vart til sist giljotinert eitt år etter Marat døydde.
Originaltekst av Antoine Lavoisier ved Wikisource (fr). |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.