Palmer-stasjonen på Île Anvers er den einaste forskingsstasjonen til USA i Antarktis som ligg nord for Den antarktiske polarsirkelen. Han vart først bygd ferdig i 1968. Stasjonen vert driven av United States Antarctic Program (USAP).
Palmer-stasjonen | |||
stasjon | |||
Palmer-stasjonen i 2013 | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Palmer Land | ||
- koordinatar | 64.774167°S 64.053056°W | ||
Grunnlagd | 1968 | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Palmer-stasjonen 64.774166666667°S 64.053055555556°W | |||
Wikimedia Commons: Palmer Station | |||
Skildring
Stasjon er kalla opp etter Nathaniel B. Palmer, som vert rekna som den første amerikanarane til å sjå Antarktis. Palmer-stasjonen kan huse opp til 46 personar. Om sommaren er det normalt kring 40 personar på stasjonen. Palmer-stasjonen er i drift året rundt, men berre 15-20 personar er her om vinteren for vedlikehald.
Den noverande stasjonen er den andre Palmer-stasjonen. «Gamle Palmer» låg kring 1,5 km mot nordvest, nær basen til British Antarctic Survey «Base N»,[1] bygd i midten av 50-åra. Denne staden ligg på det som i dag vert kalla Amsler Island. Gamle Palmer vart bygd kring 1965, og tente som base for dei som bygde «nye» Palmer, som opna i 1968. Gamle Palmer vart nytta som naudstasjon om noko skulle skje med den nye stasjonen. Gamle Palmer vart riven ned og rydda opp av National Science Foundation i 1990-åra.
Forsking
Mesteparten av forskinga ved Palmer-stasjonen dreiar seg om marinbiologi. Stasjonen husar eit årleg overvakingsustyr for eit globaltseismisk, atmosfærisk og UV-overvakingsnettverk, i tillegg til heliofysikk.[2] Det står òg ein radiomottakar på Palmer som fangar opp lynnedslag på den vestlege halvkula.
Anna forsking vert gjort frå forskingsfartøyet (R/V) «Laurence M. Gould». Denne forskinga dekkjer fysisk oseanografi, maringeologi og marinbiologi. Skipet fraktar òg feltgrupper til forskjellige stader kring Den antarktiske halvøya for å studere glasiologi, geologi og paleontologi.
På film
Den japanske filmen Fukkatsu no hi (Virus) frå 1981 går føre seg kring Palmer-stasjonen der dei siste overlevande etter eit dødleg virus samlar seg. I filmen spelar George Kennedy admiral Conway, øvstkommanderande på stasjonen, medan Glenn Ford er presidenten av USA.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.