Den antarktiske polarsirkelen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Den antarktiske polarsirkelen

Den antarktiske polarsirkelen er ein av fem store breiddegradssirklar som markerer kart på jorda. Han er i dag breiddegraden som går 66° 33′ 44″ (eller 66.5622)[1] sør for ekvator.

Thumb
Kart over Antarktis med Den antarktiske polarsirkelen i blått.

Skildring

Området sør for Den antarktiske polarsirkelen er kjend som Antarktis og sonen like i nord vert kalla den sørlege tempererte sonen. Den tilsvarande breiddegradslinja i nord er Den nordlege polarsirkelen.

Alle stader sør for Den antarktiske polarsirkelen opplever ein periode med midnattssol minst ein gong i året, og ein periode med mørketid. Dette skjer fordi jordaksen heller kring 23,5 grader relativt til ekliptikken (planet som jorda følgjer i bane kring sola). Ved sørleg vintersolkverv, heller den sørlege halvkula mest bort frå sola og område med mørketid har nådd den nordlege grensa si. Når midnattssola når heilt til polarsirkelen heller den sørlege halvkula maksimalt mot sola.

I røynda er det fleire andre faktorar som påverkar korleis ein oppfattar dag og natt. Dei viktigaste er atmosfærisk refraksjon, høgda til observatøren over havet, luftspeglingar og det at sola er ei kule og ikkje eit punkt. Luftspeglingane i Antarktis har ein tendens til å bli meir spektakulære enn dei i Arktis, til dømes ved tilsynelatande solnedgang og soloppgang når sola i røynda er bak horisonten.

På grunn av gradvise endringar i hellinga til jordaksen, flyttar Den antarktiske polarsirkelen seg sakte.

Geografi og demografi

Antarktis dannar ei landmasse som dekkjer mykje av området innanfor Den antarktiske polarsirkelen. Det finst ingen permanente busetnader på jorda sør for Den antarktiske polarsirkelen. Fleire forskingsbasar husar likevel forskarar som forskar i Antarktis. I tidlegare tider vart det òg oppretta delvis permanente kvalstasjonar og somme kvalfangarar kunne då bu her i meir enn eitt år. Minst tre born er fødde i Antarktis, men då på stasjonar nord for Den antarktiske polarsirkelen.
Frå nullmeridianen og austover, går Den antarktiske polarsirkelen gjennom:

Meir informasjon Koordinatar, Land, territorium eller hav ...
Koordinatar Land, territorium eller hav Merknad
66°34′S 0°0′E Sørishavet nord for Dronning Maud Land og Enderby Land
66°34′S 50°32′E AntarktisEnderby Land Området gjort krav på av  Australia
66°34′S 57°19′E Sørishavet nord for Ameryisen
66°34′S 82°6′E Antarktis Området gjort krav på av  Australia
66°34′S 89°14′E Sørishavet
66°34′S 91°29′E Antarktis Området gjort krav på av  Australia
66°34′S 92°21′E Sørishavet
66°34′S 93°52′E Antarktis Området gjort krav på av  Australia
66°34′S 107°45′E Sørishavet Vincennes Bay
66°34′S 110°12′E AntarktisWilkes Land Området gjort krav på av  Australia
66°34′S 116°35′E Sørishavet
66°34′S 121°31′E AntarktisWilkes Land Området gjort krav på av  Australia
66°34′S 127°9′E Sørishavet
66°34′S 129°38′E AntarktisWilkes Land Området gjort krav på av  Australia
66°34′S 136°0′E AntarktisAdélie Land Området gjort krav på av  Frankrike
66°34′S 138°56′E Sørishavet
66°34′S 162°44′E BallenyøyaneBorradaile Island Området gjort krav på av  New Zealand
66°34′S 162°45′E Sørishavet Passerer like nord for Adelaide Island (gjort krav på av  Argentina,  Chile og  Storbritannia)
66°34′S 65°44′W AntarktisDen antarktiske halvøya i Graham Land og Larsenisen Området gjort krav på av  Argentina,  Chile og  Storbritannia)
66°34′S 60°21′W Sørishavet Går gjennom Weddellhavet
Lukk

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.