From Wikipedia, the free encyclopedia
Paleocen-eocen-termalmaksimumet (PETM) var ei brå global oppvarming som skjedde i overgangen mellom paleocen og eocen[1]. Under hendinga skjedde det store endringar i hav- og atmosfæresirkualsjonen, foraminiferaer som levde på djuphavsbotn døydde ut og det skjedde ei stor omvelting for pattedyra på land der mange av dagens store pattedyrordenar dukka opp.
Under PETM steig den globale temperaturen med 6 °C over 20 000 år og den auka temperaturen føre til at havet steig (oppvarma vatn utvidar seg).[2]
CO2-innhaldet i atmosfæren steig og førte til ein grunnare lysoklin. Oksygenmangel på i enkelte regionar av djuphavet kan ha medverka til utryddingane i sjøen. Hendinga er knytt til negative avvik i δ13C-isotopen, som skjedde i to korte periodar (på om lag 1000 år). Desse kom truleg av utskiljing av gass frå klaterat («metan-is»-førekomstar) som forsterka oppvarminga som alt eksisterte. Utskiljinga av desse klaterata og den påfølgjande hendinga vart truleg utløyst av fleire årsaker. Ein av hovudårsakene ser ut til å ha vore auka vulkansk aktivitet [daud lenkje].
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.