Owen Hargreaves
kanadisk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
kanadisk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Owen Lee Hargreaves (fødd 20. januar 1981) er ein kanadisk-britisk fotballspelar fødd i Calgary i delstaten Alberta i Canada. Han spelte 42 landskampar for England i tida 2001-08. Midtbanespelaren Hargreaves vann meisterligaen både med Bayern München og Manchester United.
Owen Hargreaves | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 20. januar 1981 (43 år) Calgary |
Idrett | fotball |
Tok del i | VM i fotball 2006, VM i fotball 2002, EM i fotball 2004 |
Hargreaves spelte på Bayern München i sju sesongar frå sommaren 2000. Allereie i sine fyrste sesong var han med å vinne meisterligaen og bundesliga. Sesongane 2003, 2005 og 2006 sikra han og laget seg dobbeltsigrar i bundesligaen og den nasjonale cupmeisterskapen i Tyskland.
Sommaren 2007 vart Hargreaves overført til engelske Manchester United. I sin fyrste sesong i klubben vart han både ligameister og meisterligameister. Vedvarande skadeplagar gjorde at han sidan sjeldan kom på bana før kontrakten hans gjekk ut i 2011. Etter ein sesong som benkeslitar i Manchester City la han opp i 2012.
Hargreaves debuterte på England sitt landslag i august 2001. Både i fotball-VM 2002, EM 2004 og VM 2006 fekk han plass på defensiv midtbaneplass hos England, utan at laget hadde suksess i nokon av meisterskapane. Våren 2008 spelte han sin 42. og siste landskamp då USA gjesta London. Han kom aldri på skåringslista for England.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.