norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Ove Bernt Trellevik (fødd 15. august 1965) er ein norsk politikar (H) frå Tofterøy i Sund kommune. Trellevik vart innvald til stortingsrepresentant for Hordaland hausten 2013 på utjamningsmandat.
Ove Trellevik | |||
| |||
Fødd | 15. august 1965 (59 år) Toftøya | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Sjøkrigsskulen Norges handelshøyskole | ||
Alle verv |
|
Ove Trellevik har utdanning som offiser frå Sjøkrigsskolen samt siviløkonom frå Norges Handelshøyskole frå 2000. Trellevik arbeidde stort sett med forpleiing, logistikk og forvaltning i Sjøforsvaret 1985–2000 og i Forsvarets logistikkorganisasjon 2001–2005. I åra 2005–2010 var han tilsett i kraftselskapet BKK AS, der han leidde eit innkjøpssamarbeid mellom kraftselskapa på Vestlandet.[1]
Trellevik meldte seg inn i Høgre i 2007, og blei vald inn i Sund kommunestyre hausten same året.[2] Etter at ordførar Albrigt Sangolt døydde i september 2010, blei Trellevik vald til hans etterfølgjar den 8. november 2010. Hausten 2013 blei Trellevik innvald på Stortinget frå Hordaland.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.