Eviny (tidlegare BKK; Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap) er det største kraftlagetVestlandet, og det femte største kraftlaget i Noreg. Kraftlaget driv produksjon, overføring og sal av elektrisk kraft. I tillegg har verksemda dei siste åra satsa på nye tenester som telefoni og breiband. Eviny hadde i 2005 ei omsetning på 3,29 milliardar kroner, og eit overskot på 1,44 milliardar kroner. Administrerande direktør er Ketil Tømmernes.

Kjappe fakta Org.form, Org.nr. ...
Lukk

Soge

Eviny vart skipa 2. juni 1920, etter nokre års strid mellom landkommunane og Bergen om vassdragsrettane til Bergsdalsvassdraget. Den første utbygginga Eviny gjennomførte, var utbygginga av nettopp dette vassdraget, som vart økonomisk mogleg gjennom eit svært heldig dollarlån - der kraftlaget tente gode pengar på stigande kronekurs.

Vassdrag

Eviny har kraftverk og eigarinteresser i følgjande vassdrag.

Samnangervassdraget

I Samnanger kommune, Hordaland. Opphavleg utbygd av Bergen Lysverker (oppkjøpt av Eviny i 1996).

  • Frøland kraftverk - i drift 1912, vassdraget ferdig utbygd 1921. Årsproduksjon 138 GWh.
  • Grønsdag kraftverk - i drift 1948. Årsproduksjon 138 GWh.
  • Kvittingen kraftverk - i drift 1984. Årsproduksjon 160 GWh.
  • Myra kraftverk - i drift 1988. Årsproduksjon 10 GWh.

Bergsdalsvassdraget

I Vaksdal og Voss kommunar, Hordaland.

  • Dale kraftverk - i drift 1927, utvida 1951 og modernisert 1990. Årsproduksjon 671 GWh.
  • Fosse kraftverk - i drift 1954. Årsproduksjon 141 GWh.
  • Kaldestad kraftverk - i drift 1964. Årsproduksjon 89 GWh.

Matre- og Haugsdalsvassdraget

I Masfjorden kommune, Hordaland og Høyanger kommune, Sogn og Fjordane.

  • Matre kraftverk - i drift 1959 (Haugsdalsvassdraget) og 1961 (Matrevassdraget). Årsproduksjon 1302 GWh.
  • Hommelfoss kraftverk - i drift 1944, modernisert 1985. Årsproduksjon 14 GWh.
  • Stordal kraftverk - i drift 1974. Årsproduksjon 58 GWh.
  • Vemundsbotn kraftverk - i drift 1976. Årsproduksjon 165 GWh.
  • Vestrebotn kraftverk - i drift 1999. Årsproduksjon 14 GWh.

Eksingedals- og Teigdalsvassdraget

I Voss, Vaksdal og Modalen kommunar, Hordaland og Vik kommune, Sogn og Fjordane.

  • Evanger kraftverk - i drift 1969, siste turbin i drift 1977. Årsproduksjon 1435 GWh.
  • Oksebotn kraftverk - i drift 1988. Årsproduksjon 44 GWh.
  • Myster kraftverk - i drift 1987. Årsproduksjon 307 GWh.

Modalsvassdraget

I Modalen kommune, Hordaland, Vik kommune og Høyanger kommune, Sogn og Fjordane.

  • Steinsland kraftverk - i drift 1981. Årsproduksjon 640 GWh.
  • Hellandsfoss kraftverk - i drift 1992. Årsproduksjon 127 GWh.
  • Åsebotn kraftverk - i drift 1994. Årsproduksjon 64 GWh.
  • Nygard pumpekraftverk - i drift 2005.

Andre vassdrag

I tillegg kjem mindre kraftverk og vassdrag, samt andre kraftverk der Eviny berre har eigarinteresser, mellom anna Sima kraftverk i Eidfjord kommune.

Samla årsproduksjon for Eviny var i 2005 6500 GWh.

Eigarar

Eviny er eigd av kommunar og fylkeskommunar i Hordaland. Statkraft har dei siste åra kjøpt seg opp ved å kjøpe aksjar frå mellom anna Os kommune.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.