From Wikipedia, the free encyclopedia
Ottar Gjermundshaug (23. januar 1925–10. april 1963) var ein norsk kombinertrennar og langrennar frå Alvdal. Han vann VM-sølv i kombinert i 1950. Mellom 1946 og 1950 vann han tre norske meisterskap på ski, to i kombinertrenn (1946 og 1950) og eitt i 18 kilometer langrenn (1949).
Ottar Gjermundshaug | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 23. januar 1925 Alvdal |
Død | |
Yrke | kombinertløpar, langrennsløpar |
Ottar Gjermundshaug vann den fyrste norske meisterskapen i kombinert etter den andre verdskrigen, der den eldre broren Magne tok bronsemedaljen. To år seinare vart Ottar nummer to i noregsmeisterskapen i kombinert og fekk same plassering i øvinga i Holmenkollen, men var ikkje med til vinter-OL i St. Moritz.
Både i 1949 og 1950 fekk Gjermundshaug NM-medaljar i kombinert, så vel som 18 km langrenn. Begge åra vart han noregsmeister; i 1949 i langrenn og i 1950 i kombinert. Sistnemnde vinteren reiste han med den norske troppen til VM på ski i Lake Placid i USA, og vart beste nordmann i kombinert i meisterskapen. Han deltok under vinter-OL i 1952 i Oslo og kom på sjetteplass i kombinert og på 17. plass på 18-kilometeren.
Han la konkurranseskia på hylla i 1952.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.