Sundsvall

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sundsvall

Sundsvall er ein svensk by og centralort i Sundsvalls kommun i Västernorrlands län i landskapet Medelpad. I 2011 hadde byen 50 712 innbyggjarar, noko som gjer byen til den 19. største i landet.

Kjappe fakta Land, Areal ...
Sundsvall
Thumb
Sundsvall sentrum
Land  Sverige
Areal 5 328 km²
Folketal 70 918 (31. desember 2023)
Thumb
Sundsvall
62.395509191965°N 17.285994257166°E / 62.395509191965; 17.285994257166
Wikimedia Commons: Sundsvall
Lukk

Byen er eit viktig handelssenter med variert industri. Her ligg fleire statlege embetsverk. Sundsvall har òg ei god hamn. Sundsvall Timrå lufthamn ligg ca. 20 km nord for byen (i Timrå kommun).

Sundsvall fekk bystatus i 1621 av Gustav II Adolf. Det er ein statue av han på «Stora Torget» i det sentrale Sundsvall. Den største veksten kom med utviklinga av sagbruks- og treforedlingsindustrien på 1800-talet. Området blei tidleg eit av dei viktigaste sagbruksindustriområde i Sverige. Etter ein bybrann i 1888 er bykjernen («Stenstaden») prega av breie gater og monumentale bygg i ulike stilartar. I byen ligg fleire museum og konsert- og kongresshallen Tonhallen. Det beste fotballaget i Sundsvall heiter GIF Sundsvall.

Det første internasjonale kasinoet i Sverige opna i 2001 i Sundsvall, med lokale på den gamle jernbanestasjonen. Kasinoet var eit av fire som vert drive av Casino Cosmopol, som igjen er dotterselskap av Svenska Spel.

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.