amerikansk musikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Otis Spann (21. mars 1924–24. april 1970)[3] var ein USA-amerikansk bluesmusikar, som mange rekna som den leiande pianisten i Chicago blues i etterkrigstida.[2][4]
Otis Spann | |||
Fødd | 21. mars 1924 eller 1930 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Belzoni eller Jackson i Mississippi i USA | ||
Død | 24. april 1970 (alder 40-46) | ||
Dødsstad | Chicago i Illinois, USA, buried: Burr Oak Cemetery[1] | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1944–1970 | ||
Sjanger | Chicago blues[2] | ||
Instrument | Vokal, piano | ||
Stemmetype | tenor | ||
Tilknytte artistar | Muddy Waters | ||
Plateselskap | Decca, Chess, Storyville, Bluesway, Vanguard, CBS/Blue Horizon | ||
Verka som | Vokalist Musikar | ||
Prisar | Blues Hall of Fame |
Spann var eit viktig medlem av bandet til Muddy Waters i 1950- og 1960-åra, og spelte på dei fleste av dei klassiske Waters-innspelingane for Chess Records mellom 1953 og 1969.[4]
Spann byrja å spele piano då han var åtte år gammal, og 14 år gammal spelte han i forskjellige band kring Jackson i Mississippi. Kring 1946 flytta Spann til Chicago. I 1952 kom han med i bandet til Muddy Waters, og den første innspelinga for Chess var «Blow Wind Blow». Andre Waters-songar med Spann på piano er mellom andre «Hoochie Coochie Man», «I'm Ready» og «Just Make Love to Me».
Sjølv om Spann var ein dugande songar, spelte han berre inn ein singel for Chess, i 1954 med «It Must Have Been the Devil», der B.B. King spelte gitar. Spann spelte inn eit album for Candid med gitaristen Robert Jr. Lockwood i 1960, eit soloalbum for Storyville i 1963, innspelt i København, eit par album for britiske Decca dei neste åra, i lag med Waters og Eric Clapton på gitar, og i 1964 eit album for Prestige, der Spann song i lag med bandkollegaen James Cotton.
The Blues Is Where It's At vart spelt inn i 1966 for ABC-Bluesway, og høyrdest ut som eit konsertopptak, men var i røynda spelt inn i studio, der folk som såg på i studio applauderte mellom kvar song. Eit anna album for Bluesway, The Bottom of the Blues, kom ut i 1967 der kona til Otis, Lucille Spann, var med på vokal.
Dei siste par åra med Muddy Waters samarbeidde dei på albumet Fathers and Sons, men Spann var på denne tida klar for å lansere ei solokarriere, og spelte inn eit par album for Blue Horizon med bluesrockbandet Fleetwood Mac, mellom anna med songen «Hungry Country Girl». Spann kom derimot aldri i gang med solokarrieren og døydde av kreft i april 1970.[4]
Han vart posthumt innlemma i Blues Hall of Fame i 1980.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.