From Wikipedia, the free encyclopedia
Oscarstatuetten er ein heiderspris som blir delt ut innan hurtigløp på skøyter. Prisen er til minne om skøyteløparen Oscar Mathisen og har sidan 1959 vore tildelt av Oslo Skøiteklub som ei markering av den største skøytebragden i sesongen. Statuetten er ein miniatyr av Åre Durban sin statue av Oscar Mathisen, som står utanfor Frogner stadion. Utdelinga har tradisjonelt skjedd i samband med Oscarløpet like før jul, men er i seinare år blitt flytta til større skøyteløp i Vikingskipet på Hamar.
Valet av den største skøytebragden har hovudsakleg bygd på prestasjonar frå internasjonale meisterskapar som EM på skøyter, allround for damer og herrar, VM på skøyter, allround for damer og herrar, OL-medaljar for damer og herrar. Sidan 1996 har òg VM på enkeltdistanser for damer og herrar vore med i vurderingane. Verdsrekordløp kan vera avgjerande for utfallet. Verdscupen og internasjonale løp i Noreg er òg med i vurderinga. Tidlegare var prestasjonar i landskampar der Noreg var involvert òg sentrale, men slike landskampar eksisterer ikkje lenger.
Dei åtte første åra, fram til 1967, kunne ikkje ein utøvar vinna trofeet meir enn éin gong. Dermed kunne ikkje til dømes den første mottakaren av statuetten, Knut Johannesen, bli tildelt stauetten ein ny etter den fantastiske 10 000-meteren sin i Vinter-OL 1960. Tilsvarande kunne heller ikkje svenske Jonny Nilsson få oscarstatuetten etter VM-gullet i 1963.
Etter at statuetten frå 1967 kunne delast ut fleire gonger til same utøvar, har sju utøvarar motteke meir enn éin Oscar. Eric Heiden har fire, som han mottok fire år på rad frå 1977 til 1980. Ard Schenk, Johann Olav Koss og Gunda Niemann har tre kvar. Kees Verkerk vart den første med to trofé i 1967. To har òg Sten Stensen og svenske Tomas Gustafson, som mottok statuetten med seks års mellomrom i 1982 og i 1988.
Gunda Niemann er den einaste kvinna med meir enn éin statuett, og sit med tre av ti statuettar tildelt kvinner. Dei fire tyske statuettane er alle tildelt kvinner.
Statuetten blei berre gjeven til menn heilt fram til 1987, og Bonnie Blair var den første kvinna som mottok trofeet i 1992. Sidan har fem kvinner til teke imot Oscarstatuen.
I 2008 fekk den canadiske sprinteren Jeremy Wotherspoon den femtiande Oscarstatuetten i rekkja. Han var då den femte reindyrka sprinteren som mottok prisen, etter Jevgenij Kulikov frå Sovjetunionen (1975), Gaétan Boucher frå Canada (1984), Bonnie Blair frå USA (1992) og Hiroyasu Shimizu frå Japan (2001).[1]
År | Namn | Klubb/nasjonalitet | Nasj. | Vesentlege prestasjonar |
---|---|---|---|---|
1959 | Knut Johannesen | Arbeidernes Skøyteklubb | Noreg | Europameister |
1960 | Boris Stenin | Sovjetunionen | Sovjetunionen | Verdsmeister |
1961 | Henk van der Grift | Nederland | Nederland | Verdsmeister |
1962 | Jonny Nilsson | Sverige | Sverige | Vann 10 000 m med 15 sekund under VM i Moskva. |
1963 | Nils Aaness | Oslo Skøiteklub | Noreg | Verdsrekord samanlagt og europamiester |
1964 | Ants Antson | Sovjetunionen | Sovjetunionen | Verdensrekord på 3 000 m, OL-gull og europamester |
1965 | Per Ivar Moe | Oslo Idrettslag | Noreg | Verdsmeister |
1966 | Kees Verkerk | Nederland | Nederland | Verdsmeister |
1967 | Kees Verkerk | Nederland | Nederland | Verdsmeister |
1968 | Fred Anton Maier | Tønsberg Turn | Noreg | OL-gull, verdsmeister og europamester |
1969 | Dag Fornæss | Hamar Idrettslag | Noreg | Verdsmeister og europamiester |
1970 | Ard Schenk | Nederland | Nederland | Verdsmeister og europameister |
1971 | Ard Schenk | Nederland | Nederland | Verdsmeister |
1972 | Ard Schenk | Nederland | Nederland | Verdsmeister, europameister og 3 OL-gull |
1973 | Göran Claeson | Sverige | Sverige | Verdsmeister og europameister |
1974 | Sten Stensen | Drammens Skøiteklub | Noreg | Verdsmeister |
1975 | Jevgenij Kulikov | Sovjetunionen | Sovjetunionen | Fire verdsrekordar på 500 m - forbeta rekorden med eitt sekund (fra 38,0 til 37,00) |
1976 | Sten Stensen | Drammens Skøiteklub | Noreg | OL-gull og verdsrekord på 10 000 m |
1977 | Eric Heiden | USA | USA | Verdsmeister |
1978 | Eric Heiden | USA | USA | Verdsmeister |
1979 | Eric Heiden | USA | USA | Verdsmeister |
1980 | Eric Heiden | USA | USA | 5 OL-gull |
1981 | Amund Sjøbrend | Hamar Idrettslag | Noreg | Verdsmeister og europameister |
1982 | Tomas Gustafson | Sverige | Sverige | Europameister |
1983 | Rolf Falk-Larssen | Trondhjems Skøiteklub | Noreg | Verdsmeister |
1984 | Gaétan Boucher | Canada | Canada | 2 OL-gull |
1985 | Hein Vergeer | Nederland | Nederland | Verdsmeister |
1986 | Geir Karlstad | Lillestrøm Sportsklubb | Noreg | Verdsrekordar på 5 000 m og 10 000 m |
1987 | Nikolaj Guljajev | Sovjetunionen | Sovjetunionen | Verdsmeister og europamester |
1988 | Tomas Gustafson | Sverige | Sverige | OL-gull på 5 000 m og 10 000 m og europameister |
1989 | Leo Visser | Nederland | Nederland | Verdsmeister og europameister |
1990 | Johann Olav Koss | Sk-94 | Noreg | Verdsmeister |
1991 | Johann Olav Koss | Sk-94 | Noreg | Verdsmeister og europameister |
1992 | Bonnie Blair | USA | USA | OL-gull på 500 m og 1000 m |
1993 | Falko Zandstra | Nederland | Nederland | Verdsmeister og europameister |
1994 | Johann Olav Koss | Sk-94 | Noreg | OL-gull på 1 500 m, 5 000 m og 10 000 m |
1995 | Gunda Niemann | Tyskland | Tyskland | Verdsmeister |
1996 | Gunda Niemann | Tyskland | Tyskland | Verdsmeister |
1997 | Gunda Niemann | Tyskland | Tyskland | Verdsmeister allround og på VM enkeltdistansar |
1998 | Ådne Søndrål | Hol Idrettslag | Noreg | OL-gull på 1 500 m |
1999 | Rintje Ritsma | Nederland | Nederland | Verdsmeister |
2000 | Gianni Romme | Nederland | Nederland | Verdsmeister |
2001 | Hiroyasu Shimizu | Japan | Japan | Verdsmeister i sprint |
2002 | Jochem Uytdehaage | Nederland | Nederland | OL-gull 5 000 m og 10 000 m og verdsmeister |
2003 | Anni Friesinger | Tyskland | Tyskland | Europameister og VM enkeltdistansar på 1 000 m, 1 500 m og 3 000 m |
2004 | Chad Hedrick | USA | USA | Verdsmeister og verdsrekord samanlagt |
2005 | Shani Davis | USA | USA | Verdsmeister |
2006 | Cindy Klassen | Canada | Canada | Verdsmeister |
2007 | Sven Kramer | Nederland | Nederland | Verdsmeister |
2008 | Jeremy Wotherspoon | Canada | Canada | Verdsmeister og flere verdsrekordar på 500 meter, den siste på 34,05 sek.[1] |
2009 | Shani Davis | USA | USA | To verdsrekordar (1 000 m og 1 500 m) på to dagar.[2] |
2010 | Martina Sáblíková | Tsjekkia | Tsjekkia | Siger på 3 000 m og 5 000 m i OL, VM og EM.[3] |
2011 | Bob de Jong | Nederland | Nederland | Siger på 10 000 m under VM enkeltdistansar med tida 12.48,20.[4] |
2012 | Christine Nesbitt | Canada | Canada | Ny verdsrekord på 1 000 m under Sprint-VM 2012 med 1.12,68.[5] |
2013 | Ireen Wüst | Nederland | Nederland | Det første 3 000 meterløpet under 4 minutt på låglandsbane i verdscupfinalen 2012/13 med 3.58,68.[6] |
2014 | Jorrit Bergsma | Nederland | Nederland | OL-gull og det raskaste 10 000 meterløp på låglandsbane med 12.44,45.[7] |
2015 | Brittany Bowe | USA | USA | Gull i enkeltdistanse-VM på 1 000 meter og den raskeste tida på ein europeisk bane; første løpar på 1 000 meter under 1.14 blank med 1.13,90.[8] |
2016 | Ted-Jan Bloemen | Canada | CAN | Ny verdsrekord på 10 000 meter.[9] |
2017 | Sven Kramer (2) | Nederland | NED | Gull i enkeltdistanse-VM på 10 000 meter og tidenes raskeste på lavlandsbane (12.38.89).[10] |
2018 | Håvard Holmefjord Lorentzen | Fana Idrettslag | NOR | OL-gull på 500 meter.[11] |
2019 | Kjeld Nuis | Nederland | NED | Ny verdensrekord på 1 500 meter i verdenscupfinalen 2018/19.[12] |
2020 | Natalja Voronina | Russland | RUS | Ny verdensrekord på 5 000 meter i enkeltdistanse-VM 2020.[13] |
2021 | Nils van der Poel | Sverige | SWE | Ny verdensrekord på 10 000 meter i enkeltdistanse-VM 2021.[14] |
Oscarstatuetten blei utdelt for 50. gong i 2008, då til canadieren Jeremy Wotherspoon. Statuettane er tildelt løparar frå ni nasjonar etter følgjande fordeling:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.