From Wikipedia, the free encyclopedia
Adrianus Schenk (fødd 16. september 1944), kjend som Ard Schenk, er ein nederlandsk tidlegare skeiseløpar frå Anna Palowna. Han vart europameister tre gongar i tida 1966-72, verdsmeister i firkamp tre år på rad (1970-72) og sikra seg tre gullmedaljar under Vinter-OL 1972 i Sapporo. Dessutan vann han to VM-sølv i firkamp, OL-sølv i 1968, EM-sølv 1971, to VM-bronsemedaljar i firkamp og like mange i sprint-VM. Etter han vart profesjonell vann han både EM og VM i firkamp 1973.
Ard Schenk | |
Statsborgarskap | Kongeriket Nederlanda |
Fødd | 16. september 1944 (80 år) Anna Paulowna |
Yrke | skøyteløpar |
Høgd | 1,90 meter |
Far | Klaas Schenk |
Ard Schenk på Commons |
Schenk sette 18 verdsrekordar i tida 1966-72. I 1971-sesongen var han den fyrste som gjekk 1500 m på under to minuttar, 1.58,7, og 10 000 meter på under 15 minuttar, 14.55,9.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.