From Wikipedia, the free encyclopedia
Optisk telegraf var eit mekanisk system for sendingar av meldingar i tidlegare tider, funne opp i 1792 av franskmannen Claude Chappe.[1] Systemet er basert på at høge master med rørlege armer vart sett opp på stader med godt utsyn, og at ein ved å setje desse armane i ulike stillingar kunne sende meldingar derfrå til ei anna høgd som låg innanfor synsvidda. Meldingane kunne verte sende over store avstandar ved at det vart bygd stasjonar i lange liner, og kvar stasjon i lina tok opp att og sende vidare meldinga som vart sendt frå utgangspunktet. Slike telegrafsamband vart skipa i mange land for både militære og sivile føremål.
Med tida vart det utvikla mange variantar av optiske telegrafsystem. Svensken Abraham Niclas Edelcrantz fann i 1794 fram til eit system med ti klaffar av jarnplater festa til faste tverrstag på masta. Kvar klaff kunne verte stilt anten horisontalt eller vertikalt, og dette gjorde det mogeleg å sende meldingar i koder i samsvar med ei kodebok. Eit tilsvarande system med seks klaffar vart teke i bruk i Noreg for militære føremål.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.