From Wikipedia, the free encyclopedia
Oljeberget (arabisk جبل الزيتون, الطور, Jabal az-Zaytūn, Aț-Țūr; hebraisk הַר הַזֵּיתִים, Har HaZeitim) er ein fjellkam aust for og like ved Gamlebyen i Jerusalem.[1] Han er kalla opp etter olivenlundane som ein gong dekte fjellsida. Den sørlege delen av fjellet var nekropolis for det gamle judeiske kongedømet.[2] Fjellet har blitt nytta som jødisk gravplass i over 3 000 år og har kring 150 000 graver, noko som gjer han sentral i tradisjonen kring jødiske gravplassar.[3] Fleire viktige hendingar i livet til Jesus som vert fortalt i Evangelia fann stad på Oljeberget, og i Apostelgjerningane er han som skildra som staden der Jesus steig til himmelen. Fordi det er knytt til både Jesus og Maria, har Oljeberget vore heilag kristen stad sidan antikken og er i dag ein stor pilegrimsstad for ortodokse, katolikkar og protestantar.
Oljeberget | |||
جبل الزيتون, الطور, Jabal az-Zaytūn, Aț-Țūr, הַר הַזֵּיתִים, Har HaZeitim | |||
fjell | |||
Flyfoto av Oljeberget | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Jerusalem distrikt | ||
Del av | Jerusalem-åsene | ||
Fjellkjede | Judeafjella | ||
By | Jerusalem | ||
Høgd | 826 moh. | ||
Koordinatar | 31°47′00″N 35°15′03″E | ||
Oljeberget 31.777946°N 35.245686°E | |||
Kart som viser Oljeberget.
| |||
Wikimedia Commons: Mount of Olives | |||
Oljeberget er ein av tre toppar på ein fjellkam som går over 3,5 km like aust for Gamle Jerusalem over Kidrondalen, i området kalla Josaphatdalen. Toppen i nord er Scopusfjellet, på 826 moh, medan toppen i sør er Korrupsjonsfjellet, på 747 moh. Det høgaste punktet på Oljeberget er at-Tur, på 818 moh.[4] Ryggen fungerer som eit vasskilje, og austsida er byrjinga av Judeaørkenen.
Ryggen er danna av oseanisk sedimentær bergart frå sein krittid, og består av mjukare kalk og ein hardare flint. Kalken er letta bryte, men er ikkje høvande for bygging, så fjellet har aldri blitt utbygd, og i staden finst det mange menneskeskapte holer i fjellet.
Frå bibelsk tid til i dag har jødar blitt gravlagd på Oljeberget. Nekropolisen på sørsida, der den landsbyen Silwan ligg i dag, var gravstaden til dei viktigaste borgarane i tidal kring perioden kring dei bibelske kongane.[2] Det er estimert at det er 150 000 graver på fjellet, inkludert graver tradisjonelt knytt til Sakarja og Absalom. I den øvre sida ligg gravenen ti prfetane Haggai, Sakarja og Malakhi. Kjende rabbiar som ligg gravlagd her er mellom anna Chaim ibn Attar og andre frå 1400-talet og frametter.
Romersk soldagar frå den 10. legionen slo leir på fjellet under omleiringa av Jerusalem i år 70 evt. Den religiøse seremonien som markerer starten på ein ny månad vart halden på Oljeberget i dagane kring Det andre tempelet.[5] Etter øydelegginga av Tempelet feira jødane festivalen Sukkot på Oljeberget. Dei gjorde pilegrimsreiser til Oljeberget fordi han var 80 meter høgare enn Tempelhøgda og ein fekk panoramautsyn over Tempelet. Han vart ein tradisjonell stad for å sørge over øydelegginga av Tempelet, særleg på Tisha B'Av.[5]
Statsminister i Israel Menachem Begin bad om å bli gravlagd på Oljeberget nær grava til Etzel-medlem Meir Feinstein, i staden for nasjonalgravplassen på Herzlfjellet.[6]
Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, forplikta Jordan seg innafor rammene i våpenkvileavtalen den 3. april 1949 å gje «fri tilkomst til dei heilage stadane og kulturelle institusjonane og bruk av gravplassane på Oljeberget.» Under den 19 år lange jordanske okkupasjonen av Vestbreidda, vart ikkje dette kravet halde. Ikkje-israelske, kristne pilegrimar fekk lov å vitje berget, men jødar frå alle land, og dei fleste ikkje-jødiske israelarar vart hindra frå å gå inn i Jordan og kunne derfor ikkje vitje området.[7][8][9]
Mot slutten av 1949 og gjennom tida Jordan hadde kontroll over området, fjerna somme arabiske innbyggjarar gravsteinar og pløydde område på gravplassen, og det er estimert at 38 000 gravsteinar vart øydelagde. I denne perioden vart det laga fire vegar gjennom gravplassen, noko som mellom anna øydela gravene til kjende personar.Kong Hussein av Jordan tillet å bygge Intercontinental Hotel på toppen av Oljeberget i lag med ein veg som skar gjennom gravplassen og øydela hundrevis av jødiske graver, somme frå tida kring Det første tempelet. Graver vart òg øydelagde for ein parkeringsplass og bensinstasjon,[10][11][12] og vart til og med nytta som latriner for ein forlegning for den jordanske hæren.[13][14][15][16][17]
Etter seksdagarskrigen i 1967 og den israelske okkupasjonen av Aust-Jerusalem, byrja styresmaktene restaureringsarbeidet og gjenopna gravplassen for graferder.
På kong David si tid var dette ein stad ein pleidde å tilbe Gud.[18]
Det Gamle Testamentet fortel at profeten Sakarja i et syn såg at Herren sjølv skulle kome ned til jorda for å dømme ved å setje foten sin på Oljeberget.[19] Dommedag vil altså starte ved at Gud kjem til Oljeberget.
Det Nye Testamentet fortel at Kristi himmelfart skjedde frå Oljeberget.[20] Deretter kom ein engel til Jesu apostlar, og forklarte at Jesus skal kome tilbake på same måte som han forlet jorda. Dommedag vil altså starte ved at Jesus kjem tilbake til Oljeberget.
Då Jesus frå Nasaret underviste i Jerusalem hadde han byen Betania, som låg ved foten av Oljeberget, som basen sin.[21] Truleg budde han hos venen sin Lasarus. Fleire av dei mest kjende talane til Jesus vart halde på Oljeberget, mellom anna talen om dei siste tider.[22]
Hagen Getsemane, kjent som staden der Jesus Kristus var før han vart krossfesta, ligg ved foten av Oljeberget.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.