Eit vasskilje er ei grense mellom to nedslagsfelt. I eit ås- eller fjellandskap ligg skilje på toppane og ryggane av fjella og åsane, men i flate område eller på høge platå (særleg i myrlendte område) kan skilje vere usynleg.
Vasskilje er viktige geografiske, og ofte òg politiske grenser. Vegar og jernbanelinjer følgjer ofte desse skilja for å minimere stigningsgraden og behovet for bruer.
Typar vasskilje
Vasskilje kan delast inn i tre typar:
- Kontinentalt vasskilje — eit skilje der vatnet på kvar side renn ut i forskjellige storhav (t.d. skiljet mellom Nilen og Kongoelva, trippelskiljet i Lunghinpasset)
- Store vasskilje — Vatnet på kvar side av skiljet møter ikkje kvarandre igjen, men renn ut i same hav (t.d. skiljet mellom Huang He og Chang Jiang)
- Små vasskilje — Vatnet på kvar side av vasskiljet møter kvarandre igjen ved at elvane renn i hop (t.d. Mississippielva og Missourielva)
Vasskilje er eit hinder for elvefart. I førindustriell tid vart vasskilja kryssa ved at ein bar båtane over land ved visse stader . Seinare vart det bygd kanalar for å binde saman tilstøytande nedslagsfelt.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Drainage divide» frå Wikipedia på engelsk, den 31. januar 2008.
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.