Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ola Bremnes (fødd 18. april 1955) er ein norsk musikar, forfattar og trubadur. Med melodien Mi pia, din gutt sette han ny rekord på Norsktoppen med plassering 95 veker på rad.
Ola Bremnes | |||
| |||
Fødd | 18. april 1955 (69 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Svolvær | ||
Fødenamn | Ola Martin Bremnes | ||
Opphav | Noreg | ||
Plateselskap | Kirkelig Kulturverksted | ||
Verka som | musikar, skribent, plateartist | ||
Far | Ole H. Bremnes | ||
Born | Inge Bremnes | ||
Prisar | Blixprisen, Kardemommestipendiet, Kvæfjord kommunes kulturpris, Nordland fylkes kulturpris, Nordlysprisen, Spellemannprisen i visesang |
Ola Bremnes er fødd i Svolvær, og han er son til Ole H. Bremnes. Ola Bremnes bur på Bremnes i Kvæfjord i Troms. Han er eldstebroren til musikarane Kari Bremnes og Lars Bremnes.
Han har arbeidd mykje med Petter Dass, blant anna i oppsettinga Vær hilset! (1995) som har vore framført på ei rekke festivalar. Verket Reysetøy var bestillingsverk til Festspillene i Nord-Norge 2001.
Ola Bremnes gav i 2007 ut barneboka Trøbbel i trapesen, illustrert av Odd Henning Skyllingstad.
3. april 2019 opna Ola Bremnes utstilling Olas alfabet i Galleri Nord-Norge i Harstad med 174 eigenproduserte bilde. Ola har òg i fleire år illustrert bøkene til Jens Brekke frå Vik i Sogn.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.