norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Ola Borten Moe (fødd 6. juni 1976 i Trondheim) er ein norsk gardbrukar og politikar og tidlegare nestleiar i Senterpartiet. Frå 14. oktober 2021 til 4. august 2023 var han forskings‑ og høgare utdanningsminister i Regjeringa Støre.[1]
Ola Borten Moe | |||
| |||
Fødd | 6. juni 1976 (48 år) Trondheim | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Senterpartiet | ||
Yrke | politikar, bonde, forretningsdrivande | ||
Utdanna ved | Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet | ||
Ektefelle | Anna Ceselie Brustad Moe | ||
Alle verv |
|
Moe er utdanna agronom og har statsvitskap og historie mellomfag frå NTNU.
Moe vart vald inn på Stortinget frå Sør-Trøndelag fylke i 2005, etter å ha vore vararepresentant i perioden 2001–2005. Han var lokalpolitikar i Trondheim og medlem av Trondheim bystyre frå 1995 til 2007, og kommunalråd i Trondheim 1993–1996. Han var nestleiar for Kyrkje- og kulturkomiteen i Trondheim 1995–1999, og leiar for Oppvekstutvalet 1999–2003.
Moe var medlem av Senterpartiets programkomite forut for stortingsvalet 2005, og har ei særleg interesse for distrikts- og næringspolitikk. Frå haustsesjonen 2007 overtok han leiinga av Stortingets næringskomité etter at partifellen Lars Peder Brekk vart parlamentarisk leiar og trådde til i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité. Den 4. mars 2011 tok han over som olje- og energiminister etter Terje Riis-Johansen.
Moe melde avgang som forskings- og høgare utdanningsminister den 21. juli 2023 etter alvorlege feil knytte til habilitet. Han trekte seg følgjeleg også som nestleiar i Senterpartiet.[2][3] Sandra Borch tok over som forskings- og høgare utdanningsminister etter Moe den 4. august 2023.
Moe er barnebarn av tidlegare statsminister Per Borten.[4] Han er gift med tidlegare stortingsrepresentant Anna Ceselie Brustad, som han gifta seg med i 2008.[5]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.