From Wikipedia, the free encyclopedia
Odd Gabriel Vollan (fødd 21. november 1913 i Ålesund, død 6. oktober 2003)[1] var ein norsk skulemann og historikar.
Odd Vollan | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. november 1913 |
Død |
6. oktober 2003 (89 år) |
Yrke | historikar |
Kjende verk | Sildefisket gjennom tusen år |
Språk | norsk |
Vollan vart cand.philol. i 1941 med hovudfag i historie. Hovudoppgåva hans hadde tittelen Omlegginga av fisket i Ålesund og på Sunnmøre. Vollan arbeidde som lektor, først ved gymnasa i Førde og Molde, deretter i Ålesund frå 1945 til 1980.
Odd Vollan gav ut om lag 30 publikasjonar. Han arbeidde særleg med emne knytt til fiske, fangst og anna næringsliv. Han har mellom anna skrive bedrifts- og foreiningshistorie, gjerne med lokalhistorisk tilsnitt. Vollan bidrog òg med artiklar om fiske og fangst til det store nordiske verket Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder.
For sitt omfattande arbeid mottok Vollan Hans Strøm-medaljen, og i 1989 vart han heidra med Ålesund kommunes heiderspris.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.