Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Noregs Fotballforbund (NFF), ofte berre kalla Fotballforbundet, er eit særidrettsforbund for fotball i Noreg. Forbundet vart stifta 30. april 1902 og er i dag det største særidrettsforbundet i Noreg, med 1909 medlemsklubbar (per 31. desember 2012). Visjonen til forbundet er «fotballglede, mogelegheiter og utfordringar for alle».
Våren 1902 inviterte Lyn representantar frå klubbane Grane og Spring til å danne eit nasjonalt fotballforbund. Den 30. april 1902 møttest 14 delegatar frå dei tre klubbane på Hotel Bristol i Kristiania, det var Trygve Karlsen, Arthur Nordlie, Finn Hagemann, Leif Eriksen og Bredo Eriksen for Lyn; Just Hagemann, Isak Benjaminsen, Walter Aigeltinger og Emil Wettergreen for Grane og Christer Hummel Johansen, Arne Baggerud, Birger Freihow, Thorleif Wibe og Thorvald Torgersen for Spring. Saman vart dei samde om å stifte forbundet. Med ni mot fem stemmer fekk Lyn gjennomslag for namneforslaget sitt: Norsk Fodboldforbund. Isak Benjaminsen frå Grane vart den første formannen i forbundet.
Følgjande fotballkrinsar er under Noregs Fotballforbund:
Agder | Akershus | Buskerud | Finnmark | Hordaland | Hålogaland | Indre Østland | Nordland | Nordmøre og Romsdal |
Oslo | Rogaland | Sogn og Fjordane | Sunnmøre | Telemark | Troms | Trøndelag | Vestfold | Østfold
Handshake for Peace er eit konsept utvikla av Noregs Fotballforbund og Nobels Fredssenter. Konseptet skal skape haldnings- og åtferdsendringar i fotballen og fremje fredsbodskap i samfunnet. FIFA annonserte på FIFA-kongressen i Budapest den 25 mai 2012 at dei skal innføre Handshake for Peace på alle turneringane sine framover.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.