Nikita Krjukov
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Nikita Valerjevitsj Krjukov (fødd 30. mai 1985) er ein russisk langrennsløpar som har spesialisert seg på dei korte øvingane. Han vart olympisk meister i sprint i 2010 og verdsmeister i same i 2013, i 2013 vann han også VM-gullet i lag-sprinten saman med Aleksej Petukhov.
Nikita Krjukov | |
Verkeleg namn | Никита Валерьевич Крюков |
Statsborgarskap | Russland |
Fødd | 30. mai 1985 (39 år) Dzerzjinskij |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2014, Ski-VM 2009, Ski-VM 2013, Ski-VM 2015, Ski-VM 2017 |
Utmerkingar | Fedrelandets fortjenstordens medalje av 1. klasse, Venskapsordenen |
Krjukov debuterte i verdscupen i langrenn 25. november 2006, og hans beste individuelle verdscup-plasseringar er seks tredjeplassar i sprintlangrenn i tida desember 2009 til desember 2012.
Saman med Andrej Parfjonov gjekk Krjukov Russland inn til fjerdeplass i lag-sprinten i ski-VM 2009 i Liberec. 17. februar 2010 vann Krjukov langrennssprinten under vinterleikane i Vancouver, landsmannen Aleksandr Panzjinskij sikra russisk dobbeltsiger føre norske Petter Northug på bronseplass. I 2011 gjekk Panzjinskij og Krjukov inn til bronsemedalje på lag-sprinten under verdsmeisterskapen på ski i Holmenkollen og Oslo.
Under VM i Val di Fiemme 2013 vann Krjukov VM-gull både på den individuelle sprinten og på lag-sprinten/sprintstafetten. I sprinten spurtslo han Petter Northug som fekk sølv, medan han på lag-sprinten delte VM-tittelen med Aleksej Petukhov. Krjukov var ankermann på Russlands lag, slik han var i ski-VM 20111.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.