From Wikipedia, the free encyclopedia
Nestlé, Société des Produits Nestlé S.A., er eit internasjonalt selskap og verdas største næringsmiddelselskap.[5] Selskapet blei grunnlagd i 1866 av Henri Nestlé. Hovudkontoret ligg i Vevey i Sveits.
Nestlé | |||
| |||
| |||
Org.form | Aksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Bransje | Næringsmiddelindustri | ||
Skipa | 1866 | ||
Eigar | BlackRock[1] | ||
Eigenandel i | After Eight | ||
Hovudkontor | Vevey i Sveits | ||
Land | Sveits[2] | ||
Produkt | Næringsmiddel | ||
Grunnleggjar(ar) | Henri Nestlé | ||
Adm.dir. | Ulf Schneider (2017) | ||
Dagleg leiar | Ulf Schneider | ||
Tilsette | 305 000 | ||
Salsinntekter | 12 326 000 000 sveitserfranc (2022)[3] | ||
Omsetnad | 12 326 000 000 sveitserfranc (2022)[3] | ||
Resultat | 9 270 000 000 sveitserfranc (2022)[3] | ||
Marknadsverdi | 237 363 000 000 sveitserfranc (31. desember 2018)[4] | ||
Nettstad | www.nestle.com |
Nestlé eig fleire varemerke for mellom anna kaffi, sjokolade, iskrem og godteri, barnemat og morsmjølkerstatning, frukostblandingar, mineralvatn og anna. Namnet Nestlé har ofte ein tilbaketrekt plass på varene, medan merkevarenamna som Nescafé, Perrier, Bona, Mövenpick eller After Eight er meir framtredande.
Nestlé blei grunnlagd i 1866 av apotekaren Henri Nestlé (Heinrich Nestle)[6] som Farine Lactée Henri Nestlé lk.A. I 1867 byrja Henri Nestlé å tilverka mjølkepulver som blei seld som morsmjølkerstatning.[7] Familievåpenet til Nestlé av fuglar i eit reir blei teke i bruk som logo for selskapet. I 1874 blei selskapet aktivt i Tyskland. Same året forlét grunnleggjaren verskemda.[6]
Nestle byrja utanlandsk tilverking då selskapet opna ein fabrikk i Noreg i 1898. I 1905 fusjonerte selskapet med Anglo-Swiss Condensed Milk Company. I 1929 gjekk sjokoladeprodusentane Peter, Cailler, Kohler og Nestlé saman med Nestlé som namn. Frå 1938 hadde verksemda suksess med sin pulverkaffi – Nescafé.[6] I 1947 gjekk Nestlé saman med Maggi, i 1962 med svenska Findus og i 1971 med Ursina-Franck AG.
I 1986 lanserte selskapet Nespresso i Sveits.[6] I 1988 kjøpte det den britiske verksemda Rowntree's med varemerka Smarties, After Eight og Kit Kat. Same året kjøpte Nestlé også den italienske pastaverksemda Buitoni.[8] På 1990-talet blei mineralvatn eit nytt produkt etter kjøp av Perrier og Sanpellegrino.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.