From Wikipedia, the free encyclopedia
Namibia er eit land i det sørlege Afrika. Landet grensar til Angola og Zambia i nord, Botswana i aust og til Sør-Afrika i sør.
Republic of Namibia
(norsk: Namibia, namibiske) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Namibia, Land of the Brave» | ||||||
Motto | Engelsk: Unity, Liberty, Justice (Eining, fred, rettferd) | ||||||
Offisielle språk | Engelsk | ||||||
Hovudstad | Windhoek | ||||||
Styresett |
Republikk Nangolo Mbumba Saara Kuugongelwa | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
824 292 km² (33.) 0 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
2 484 780 (140.) 3 /km² (196.) | ||||||
Sjølvstende - Dato |
Frå Sør-Afrika 21. mars 1990 | ||||||
Nasjonaldag | 21. mars | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
24 840 mill. USD (132.) 11 500 USD (105.) | ||||||
Valuta | Namibisk dollar | ||||||
Tidssone | UTC +1 | ||||||
Telefonkode | +264 | ||||||
Toppnivådomene | .na
|
Frå 1884 til 1915 var landet kjent som Tysk Sørvest-Afrika. Etter at Sør-Afrika overtok kontrollen, var landet kjent som Sørvest-Afrika til det blei sjølvstendig som Namibia i 1990. Namnet «Namibia» kjem frå ordet «namib», som betyr ‘skjold’ på språket nama, men blir òg forklart med tilvising til Namibørkenen.[1]
Det namibiske landskapet består primært av dei sentrale høglanda der det høgaste punktet er Brandberg på 2606 moh. Det sentrale platået går frå nord mot sør og grensar til Namibørkenen og kystslettene hans i vest, Oranjeelva i sør og Kalahariørkenen i aust.
Ei tynn landsstripe i nordaust, kjend som Caprivi-stripa, er den tronge korridoren som blei utforma for at Tyskland skulle få tilgang til Zambezi-elva.
Ved sida av hovudstaden Windhoek sentralt i landet, er hamnene Walvis Bay og Swakopmund andre viktige byar, i tillegg til Oshakati, Grootfontein, Tsumeb og Keetmanshoop.
Namibia er kanskje eit av dei tørraste landa i verda og har to forskjellige ørkentypar. Temperaturane er likevel ikkje så veldig høge. Store delar av landet ligg på eit høgare platå, som hindrar sommarvarmen i å bli altfor sterk. Vintermorgonane kan vere kalde, medan temperaturen på dagtid vanlegvis går over 15 °C. Ei og anna regnbye kan oppstå om vinteren, men det meste av nedbøren kjem om sommaren i samband med torevêr. Dei gjev derimot sjeldan mykje nedbør. Windhoek som ligg i dette området har ein årleg nedbørsnormal på 362 mm.
Langs kysten har ein ørkenområde, noko som er sjeldan å sjå ved havet. Årsaka til dette er oppvelling av kaldt havvatn i samband med Benguelastraumen, som fører til stabil luft året rundt. Den stabile lufta hindrar at det vert danna regnbyer. Tåke er det derimot mykje av, om lag halvparten av dagane i året, og kystområda får faktisk tildelt meir vatn gjennom tåke enn gjennom nedbør. Tåka kan strekke seg 100 km innover i landet, som kan ha tåke om lag 60 dagar av året. Her kan ein i tillegg få lett yr (kalla moetreën). Temperaturane på kysten går sjeldan under 8 °C eller over 25 °C. Unntaket er når varm vind frå aust strøymer ned mot kysten. Walvis Bay som ligg på kysten her har ein årleg nedbørsnormal på 22 mm.
Dei tørre områda til Namibia har vore folkesette sidan tidlege tider av sanfolk, damara, namaqua og sidan rundt 1300-talet av innvandrande bantufolk som kom med bantu-ekspansjonen.[2] Regionen var ikkje omfattande utforska av europearar før på 1800-talet, då landet kom under tysk kontroll, bortsett frå Walvis Bay som var under britisk kontroll. Namibia var kjent som Tysk Sørvest-Afrika og var ein av dei tyske koloniane på det afrikanske kontinentet fram til fyrste verdskrigen. På byrjinga av 1900-talet fann folkemordet på herero- og namafolket stad i landet. Det var det fyrste folkemordet på 1900-talet, der 100 000 hererofolk og 10 000 namafolk blei drepne.[3][4][5][6][7][8] Landet har framleis ein tyskspråkleg minoritet.
Sør-Afrika okkuperte kolonien under fyrste verdskrigen og administrerte han som eit mandatterritorium under folkeforbundet til etter andre verdskrigen, då det blei annektert som territorium, utan internasjonal anerkjenning. Namibia blei styrt av Sør-Afrika fram til 1990 under namnet Sørvest-Afrika. Sør-Afrika innførte apartheidsystemet sitt i landet, og i 1966 braut det ut full krig mellom Sør-Afrika på den eine sida og den marxistiske sjølvstenderørsla SWAPO, støtta av Angola og Cuba, på den andre. I 1990 fekk landet sjølvstende. Walvis Bay blei overgjeve til Namibia i 1994.
Namibia er delt inn i 13 regionar:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.