From Wikipedia, the free encyclopedia
Nahalin, òg skrive Nahhalin, Nahhaleen eller Nahaleen, (arabisk نحالين) er ein palestinsk landsby i Betlehem guvernement, sørvest for Betlehem på Vestbreidda. Ordet nahaleen er arabisk for dei som samlar honning frå bier. Landsbyen var kjend for biehald og det finst framleis mange bikubar i Nahalin i dag. Landsbyen er òg lokalt kjend for mandlane sine og oliventre, vindruer, persille og grønsaker, hovudsakleg lauk og bønner.
Nahalin | |||
نحالين, Nahaleen | |||
kommune | |||
Namneopphav: Honningsamlarar | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Betlehem guvernement | ||
Koordinatar | 31°41′05″N 35°06′57″E | ||
Areal | 16,1 km² | ||
Folketal | 6 827 (2007)[1] | ||
Folketettleik | 424 / km² | ||
Nahalin 31.684722222222°N 35.115833333333°E | |||
Kart som viser Nahalin.
| |||
Wikimedia Commons: Nahalin | |||
Landsbyen ligg innafor ein enklave i busetjingsblokka Gush Etzion, omgjeve av dei israelske busetjingane Gvaot, Rosh Tzurim, Neve Daniel og Betar Illit.[2]
Ein har funne bysantinsk keramikk ved landsbyen.[3]
Dagens Nahalin vart bygd i ruinane av ein mellomalderlandsby.[4] I 1596 stod Nahalin oppført i osmanske skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 40 muslimske hushaldningar og 16 kristne hushaldningar. Han betalte skattar av kveite, bygg, druesirup eller melasse, og geiter eller bikubar.[5]
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1860-åra, og han skildra han som «eit virvar av små hus», med tobakksplantasjar kring.[6] I 1883 skildra Palestine Exploration Fund landsbyen i Survey of Western Palestine som «ein mellomstor landsby, på ein slags naturleg terrasse nedanfor ein rygg, med ein stor dal i nord. I nord ligg det ei kjelde i dalen. Det ligg òg ei kjelde i sør. I aust ligg ein Mukam, med to store eiketre, heilag for Haj 'Aleiyan.»[7]
I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Nahhalin eit folketal på 316, fire kristne og 312 muslimar.[8] I folketeljinga i 1931 var folketalet i Nahhalin 440, (tre kristne og resten muslimar), i 98 busette hus.[9]
I 1945 var folketalet i Nahhalin 620, alle arabarar, som eigde 16 144 dekar land i følgje ei offisiell landmåling.[10] Av dette var 1 068 dekar var plantasjar og irrigert land, 4 659 for korn,[11] medan 63 dekar vart utbygd (urbant) land.[12]
Den 28. mars 1954 utførte israelarar eit raid mot ein base for den arabiske legionen 4 kilometer utafor Nahalin. Dei israelske styrkane bommba på basen og plasserte sprengladningar og øydela sju hus i landsbyen, mellom anna moskeen[13][14] medan fem personar i nasjonalgarden, tre i legionen og ei kvinne vart drepen, medan 18 sivile, inkludert kvinner og barn, vart skadde.[15][13]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.