kinesisk keisar From Wikipedia, the free encyclopedia
Muzong av Tang (795–25. februar 824) var keisar av Kina under Tang-dynastiet, frå 821 til 824.
Muzong av Tang | |||
| |||
Keisar av Tang | |||
Regjeringstid | 821-824 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 795 | ||
Fødestad | Chang'an | ||
Død | 25. februar 824 | ||
Dødsstad | Chang'an | ||
Gravstad | Fengxian | ||
Føregangar | Xianzong | ||
Etterfølgjar | Jingzong | ||
Gift med | Empress Dowager Wang, Empress Dowager Xiao, 韦贵妃 (唐穆宗), Guifei, of the Wu clan | ||
Dynasti | Li | ||
Far | Xianzong av Tang | ||
Mor | keisarmor Guo | ||
Born | Keisar Jingzong Keisar Wenzong Li Cou Li Rong Keisar Wuzong Prinsesse Yifeng Prinsesse Huaiyang Prinsesse Yan'an Prinsesse Jintang Prinsesse Qingyuan Prinsesse Raoyang Prinsesse Yichang Prinsesse Ankang |
Keisar Muzong var son av keisar Xianzong, då oldefar hans Dezong var keisar.[1] Det personlege namnet hans var Li Heng (kinesisk 李恒, Lǐ Héng). Han blei utnemnd til kronprins i 812, og etter at Xianzong skal ha blitt drepen av ein evnukk blei Li Heng utropt til keisar i 820.
Etter å ha kome på trona brukt Muzong mykje av tida si på festing og drikking, og utførte ikkje alle dei keisarlege pliktene sine. Dei militære leiarane i regionane (jiedushi) som var blitt mellombels stagga byrja å utfordra sentralmakta att, og tre område nord for Gulefloden blei i røynda sjølvstendige Korrupsjon var også utbreidd i riket.
I 823 blei keisar Muzong lamma av eit slag, og etter fleire oppfordringar utropte han eldstesonen sin Li Zhan til kronprins. Kort tid etter skal tilstanden hans ha betra seg.[2] I tida som følgde blei hoffet hans dominert av evnukken Wang Shoucheng og kanslaren Li Fengji.[3] Den korte regjeringstida hans enda med eit nytt slag våren 824. Muzong blei gravlagd i Guangling.[4] Døden hans blei sett på som byrjinga på nedgangstida til Tang-dynastiet. Li Zhan etterfølgde faren som keisar Jingzong.[5]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.