From Wikipedia, the free encyclopedia
Island var ei kypriotisk musikkgruppe som var sett saman av Aléxia Vassilíou, Areti Kassapi Haralbidou, Aristos Moskovakis, Roger Lee og Dóros Georgiádis. Gruppa vart skipa for å representere Kypros i Eurovision Song Contest 1981 i Dublin i Irland.
Radiofonikó Ídrima Kýprou hadde ein intern uttaking der dei valde ut bidraget som representerte Kypros i Eurovision Song Contest 1981.[1] Bidraget vart «Mónika», skriven av Dóros Georgiádis og Monika Mickutė, og framført på gresk av Island. Gruppa vart sett saman spesielt til Eurovision Song Contest 1981, og medlemmene var Aléxia Vassilíou, Areti Kassapi Haralbidou, Aristos Moskovakis, Roger Lee og Dóros Georgiádis. I finalen enda Kypros på sjetteplass med 69 poeng; tolv frå Hellas, ti frå Storbritannia, åtte frå Nederland og Irland, sju frå Noreg og Belgia, seks frå Jugoslavia, fem frå Israel og tre frå Danmark og Sveits. Dette var fyrste året landet deltok i Eurovision Song Contest samt ein av dei beste plasseringane landet har fått fram til i dag.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.