Erler og piplerker er slanke, små til middels store sporvefuglar, mellom 14 og 17 centimeter lange, med kort hals og lange stjertar[1]. Dei syner ingen kjønnsdimorfisme i storleik. Dei har lange, bleike bein med lange tær og klør, ei spesiell baktå som kan vere opp til 4 cm i lengd hos nokre piplerker. Artane i slekta Macronyx har namnet 'longclows' på engelsk. Macronyx-artane er generelt meir robuste og større enn erler og andre piplerker og kan vege så mykje som 64 gram. Erler og andre piplerker har vektvariasjonar frå 15 til 31 gram. Fjørdrakta til dei fleste piplerker er typisk kjedeleg brun, desse piplerkene minner om lerker, sjølv om nokre artar har tydelegare farga drakter, spesielt gullpiplerke i Nordaust-Afrika. Vaksne hannar av Macronyx har sterke fargar på undersida. Erler har ofte ei slåande fjørdrakt som inkluderer fargene grå, svart, kvit og gul.
Dei fleste erler er bakkelevande insektetarar[1] på nokså ope land. Dei okkuperer nesten alle tilgjengelege habitat, frå kysten til høgfjellet. Erler føretrekkjer fuktigare habitat enn piplerker. Nokre artar brukar skog, inkludert skogerle, og andre artar brukar elvar slik som gulerle og bergerle.
Erler tar eit breitt spekter av virvellause byttedyr, særleg er insekt mykje brukte, men dietten inkluderer òg kongroer, ormar og små virvellause blautdyr og leddyr. Alle artane i familien ser ut til å vere ganske katolske i kosthaldet, det som er mest vanlege bytte for ein bestemt art eller populasjon reflekterer vanlegvis lokal tilgang på næring.
Med unntak av skogerle, hekkar artane i denne familien på bakken[1] og legg opp til seks flekkete egg.
Erler og piplerker i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]
Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)