Mostratinget var eit tingmøte halde ved Moster kyrkje, på Moster på Bømlo i 1024.[1] Her la kong Olav den heilage og bisp Grimkjell fram kristenretten som dei i samråd med frie bønder på tinget fekk vedteke. Sidan vart dette òg vedteke på dei ymse lagtinga, og ein har rekna dette som innføringa av kristendomen til statsreligion i Noreg. Mostratinget er nemnt i dei eldste norske lovtekstene, Gulatingslova og Frostatingslova.
- Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Mostratinget».
Mostratinget dannar ramma kring andre delen av det det årvisse sogespelet Kristkongane på Moster (som til vanleg går under namnet Mostraspelet), skrive av Johannes Heggland.[1]
Ved Moster Amfi står ein stein som kong Olav V, kong Harald V og dronning Sonja har rissa namna sine inn i.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.