From Wikipedia, the free encyclopedia
Association Sportive de Monaco Football Club, i Noreg kjend som Monaco er ein fransk-registrert fotballklubb i Monaco. Klubben vart skipa i 1924 og vann i 2012/13-sesongen Ligue 2 i Frankrike og rykte opp. Trass i at klubben høyrer heime i fyrstedømmet Monaco, vert laget rekna for å vere eit fransk lag, ettersom klubben spelar i det franske seriesystemet, og fordi fyrstedømmet Monaco ikkje er medlem av det europeiske fotballforbundet UEFA.
Fullt namn | Association Sportive de Monaco Football Club | ||
---|---|---|---|
Kallenamn | Lés Monégasques «Gassarane» Les Rouges et Le Blanc «Dei raude og blåe» | ||
Kort namn | ASM | ||
Grunnlagd | 25. august 1924 | ||
Heimebane | Stade Louis II (kapasitet: 18,524) | ||
President | Dmitrij Rybolovlev | ||
Hovudtrenar | Leonardo Jardim | ||
Liga | Ligue 1 | ||
Nettstad | Heimeside | ||
Noverande sesong |
Monaco er ein av dei klubbane i Frankrike som har hatt størst suksess. Klubben har vunne sju seriemeisterskap, sist i 2000, og fem gongar sikra seg pokalen som vinnar av den franske cupmeisterskapen. Monaco spela seg i 1992 fram til finalen i Cupvinnarcupen og i 2004 til finalen i Meisterligaen. Ved begge høva vart det tap; i 1992 mot Werder Bremen med 0-2 i Lisboa, og i 2004 mot FC Porto med 0-3 i Gelsenkirchen.
Laget spelar heimekampane på Stade Louis II, eit stadion med plass til 18 523 tilskodarar. Monacos tradisjonelle draktfargar er raudt og kvitt.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.