From Wikipedia, the free encyclopedia
Futebol Clube do Porto, til dagleg kjend som FC Porto, Porto eller FCP, er eit idrettslag i Porto i Portugal. Laget, som vart stifta 28. september 1893, er særleg kjend som fotballklubb. FC Porto er ein av dei tre storklubbane (Três Grandes) i Portugal.
FC Porto nådde i 1984 finalen i Cupvinnarcupen, der det vart tap 1-2 mot Juventus. Sidan har klubben spela seg fram til finalane i fleire store europeiske fotballturneringar, og vunne dei alle. I 1987 vart det siger i Europacupen, i 2003 i UEFA-cupen, i 2004 i Meisterligaen og i 2011 i Europaligaen.
FC Porto har vunne 30 nasjonale seriemeisterskap (Primeira Liga) og gått til topps i 20 nasjonale cupturneringar (Taça de Portugal). Klubben klarte i 2010/11-sesongen å spele samtlege 30 seriekampar utan å tape.
FC Porto var med å grunnleggje Primeira Liga i 1933, og har aldri rykt ned frå toppdivisjonen i portugisisk fotball.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.