From Wikipedia, the free encyclopedia
Mogwai er eit skotsk postrockband frå Glasgow, skipa i 1995. Mogwai er blitt eitt av dei mest innverknadsrike og kjente postrock-banda. Dei skriv lange instrumentale gitarbaserte stykke i postrock-tradisjonen, vanlegvis variasjonar over eit enkelt tema, og dei er kjende for dynamisk kontrast, melodiske bassriff, og ein særeigen bruk av distortion og effektpedalar.
Mogwai | |||
| |||
Aktiv | 1996– | ||
---|---|---|---|
Sjanger | alternativ rock, indierock, Post-rock | ||
Plateselskap | Chemikal Underground, Rock Action Records, Sub Pop, Matador Records, Play It Again Sam, Rocket Girl |
Stilen er påverka av grupper som The Dirty Three, Joy Division, The Jesus and Mary Chain, My Bloody Valentine, King Crimson og postrock-pionerane Slint og Tortoise.
Stuart Braithwaite og Dominic Actchinson skipa gruppa saman med Martin Bulloch i 1995.[1][2] Dei to første hadde då kjent kvarandre nokre år, og då dei trefte Bulloch som spelte trommar, danna dei eit band saman. Gruppa tok namnet sitt frå dyra i filmen Gremlins, som i kinesisk tradisjon tyder 'vond ånd' eller 'djevel' på kantonesisk.[3] Gitaristen Stuart Braithwaite har sagt at namnet ikkje har noka særskild tyding for gruppa.[lower-alpha 1][4]
Gruppa debuterte i februar 1996 med singelen «Tuner»/«Lower». Ved slutten av året blei dei tildelt utnemninga «single of the week» av NME for «Summer», noko dei oppnådde igjen tidleg i 1997 med «New Paths to Helicon».[1] Bandet spelte nokre konsertar før John Cummings vart med. Dei byrja så å spela inn plata Mogwai Young Team. Med seg på denne innspelinga hadde dei òg Brendan O'Hare, kjend frå bandet Teenage Fanclub.[1] Han blei aldri fast medlem i bandet, og var berre med på denne plata. Barry Burns kom ikkje med i bandet før dei skulle spela inn den tredje plata si, Come On And Die Young.[4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.