Mistberget
From Wikipedia, the free encyclopedia
Mistberget p 663 moh. er det andre høgaste punktet i Eidsvoll kommune i Akershus - etter Skreikampen i Feiring på 698 moh. - og er synleg frå dei fleste stader i bygda. Mistberget ligg mellom Eidsvoll og Hurdal. Nær toppen finst eit branntårn frå 1938 og ei TV-sendarmast for fjernsyn, radiokringkasting, DABradio, digitalt bakkenett og basestasjon for helseradio.
Mistberget | |||
fjell | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Akershus | ||
Kommune | Eidsvoll | ||
Høgd | 663 moh. | ||
![]() Mistberget 60.37638889°N 11.1575°E | |||
Wikimedia Commons: Mistberget | |||
«Lykkens grube» er ei jerngruve som høyrer til Eidsvoll Jernverk og som ligg ved stien frå Åsleia. Slike gamle skjerp finst mange av med metall som bly, sink, kopar, jern, wolfram, sølv og gull. På Askheim gard finst smaragdgruve og marmor.
Den 7. august 1946 kom ein Douglas C-47A-5-DK frå BEA med 11 passasjerar frå London for lågt inn over Mistberget og gjekk i bakken. Tre av flyet sin totale besetning på fem mista livet momentant, to personar vart alvorleg skadd.[1] Dei overlevande fekk hjelp frå Askheim gård og vart frakta til Stensby sykehus ved Minnesund.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.