Midlandsnormalen
From Wikipedia, the free encyclopedia
I 1898 sette Kyrkje- og undervisningsdepartementet ned ei rettskrivingsnemnd for landsmålet, ettersom det var turvande med ein fast skrivemåte når det vart teke i bruk i skulen. Nemnda fekk tre medlemer: folkehøgskulestyrar Marius Hægstad, Arne Garborg og Rasmus Flo, bladstyrar for det nye tidsskriftet Syn og Segn. Nemnda samdest om alt bortsett frå endingsverket. Hægstad heldt fast på Aasen-normalen med nokre tiljenkingar.
- Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Midlandsnormalen».
Flo og Garborg la fram ein normal som bygde på fjellbygdmåla på Austlandet, kjend som midlandsmåla, og denne normalen er derfor kalla midlandsnormalen. Framom alt var det målet i Vest-Telemark, «folkevisemålet», som låg til grunn. I «Framlegg til skrivereglar for landsmaale i skularne» (1899) skreiv Flo:
- «Um nokon vilde meine at desse brigdi likevel er nye og urøynde i den norske bokheimen, so er ikkje de heller so. Dei er tvert um dei eldste aa rekne for, eldre og tidlegare røynde i skrift enn andre norske maalformir. I Landstads folkevisur vil ein finne deim alle saman. Og baade i desse og i all den rike maalskatt i same leid som er samla og utgjevin, vert dei vel i hovudsaki standande gjenom alle tidir. Her hev me daa de mest sjølvvaksne, aa kalle, i norsk bokrike aa byggje paa.»
Det kom til den skipnaden i 1901 at «Hægstadnormalen» skulle vera offisiell landsmålsrettskriving i skule og administrasjon, men midlandsnormalen skulle vera sideform som dei skulane som ville kunne nytta. Flo skreiv om denne ordninga i «Den 17de Mai», 20.07.1901:
- «so lengi ikkje heile lande hev valt maalform, og so lengi de i bokheimen er strid um skrivemaaten, so bør ikkje skulestyre paa fyrihand slaa vestlandsformi fast anna enn til rettleiding. De kunde i de heile vera ymist vori aa stelle seg so, at midland og austland og nordanfjelskt hadde berre de eine vale: norskdanskt eller vestlands-norskt. Um ikkje midlandsformi vaar duger til anna, so vil ho staa der og vise, at de ikkje er meiningi aa slaa noko fast til landsmaal, fyrr lande i det heile hev havt tilføre til aa velja.»
Kjende skrivarar som har nytta midlandsnormalen er: Arne Garborg (hans «Skriftir i samling» kom omskrivne til denne normalen), Steinar Schjøtt (Snorre-omsetjinga 1900), Olav Aukrust, Alexander Seippel. Mange har au blanda inn drag frå midlandsnormalen i andre normalar.
Bøyingsverket
Namnord
Namnord i klassisk midlandsmål | ||||
---|---|---|---|---|
eintal | mangtal | |||
ubd. | bd. | ubd. | bd. | |
hankjøn | hest | hesten | hestar | hestane |
hankjøn | kvist | kvisten | kvistir | kvistine |
sterke hokjøn | sol | soli | solir | soline |
sterke hokjøn | bok | boki | bøkar | bøkane |
linne hokjøn | vise | visa | visur | visune |
linne hokjøn | viku | viko | vikur | vikune |
linne inkjekjøn | auga | auga | augu | augo |
sterke inkjekjøn | land | lande | land | landi |
Legg merke til jamvektformene av hokjøn på -u i ubunden form eintal. Endinga -ur vart nytta av mange som ikkje skreiv beint etter midlandsnormalen au. Etter kvart tok Garborg til å skrive stum t i -et i inkjekjøn.
Gjerningsord
Det var kløyvd nemneform (infinitiv), soleis å tala, men å kaste.
Lagord
Ein slitin hest, ei sliti merr, eit sliti hus, slitne folk.
Andre ordformer
Fyri, yvi, lengi.
Litteratur
- R. Flo: Midlandsmaal etter framlegge fraa rettskrivingsnemndi i 1899 ved Arne Garborg. Kristiania: Olaf Norlis Forlag 1906. Utgåve på internett på http://www.sprakrad.no
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.