From Wikipedia, the free encyclopedia
Michael Florian Hadschieff (fødd 5. oktober 1963) er ein tidlegare skeiseløpar frå Innsbruck i Austerrike. Han vann sølv i skeise-EM 1987 og på 10000 m under Vinter-OL 1988, og bronsemedaljar i firkamp-VM 1987 og på 1500 m i nemnde Vinter-OL.
Michael Hadschieff | |
Statsborgarskap | Austerrike |
Fødd | 5. oktober 1963 (60 år) Innsbruck |
Yrke | skøyteløpar |
Høgd | 185 centimeter |
Hadschieff markerte seg med å verte nummer fem både på 10 000 meter under Vinter-OL 1984 i Sarajevo og i firkamp-VM i Göteborg same sesongen. Også ved firkamp-VM 1985 på Hamar enda han på femteplassen. I 1987-sesongen kneip han andreplassen i skeise-EM, bak suverene Nikolaj Guljajev frå Sovjetunionen, medan han i firkamp-VM måtte ta til takke med tredjeplassen då Oleg Bozjev sneik seg forbi i samandraget på sisterunda på milløpet.
Under dei olympiske vinterleikane 1988 i Calgary vann Hadschieff sølvmedaljen på 10000 m og bronsen på 1500 m, og kom på femteplass på 5000 m og sjetteplass på 1000 m. Både under EM 1988 i Haag og firkamp-VM i Alma Ata vart han nummer fire. Etter 1988-sesongen hamna Hadschieff lengre ned resultatlistene i dei store tevlingane. Sjetteplassar i EM 1990 i Heerenveen og på 10000 m under Vinter-OL 1992 i Albertville var hans beste plasseringar i åra fram til han la opp i 1994.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.