Meryl Streep
skodespelar frå USA From Wikipedia, the free encyclopedia
Mary Louise «Meryl» Streep (fødd 22. juni 1949) er ein amerikansk skodespelar og filantrop.
Streep hadde teaterdebuten sin i Trelawny of the Wells i 1975 og vart nominert til ein Tony Award i 1976 for rolleskildringa i skodespelet 27 Wagons Full of Cotton. I 1977 hadde ho TV-debuten sin med The Deadliest Season og seinare filmdebuten sin med dramafilmen Julia. Ho vann ein Primetime Emmy Award for rolleskildringa i miniserien Holocaust (1978) og vart nominert til Oscar for beste kvinnelege birolle for arbeidet i Hjortejegeren (1978).
Streep har vorte nominert til 21 Oscar-prisar, meir enn nokon annan skodespelar, og er éin av seks skodespelarar som har vunne tre eller fleire Oscar-prisar for skodespel. Ho vann beste kvinnelege birolle for Kramer mot Kramer (1979) og beste kvinnelege hovudrolle for Sofies valg (1982) og Jernkvinnen (2011). Forutan Hjortejegeren, vart Streep òg nominert for Den franske løytnantens kvinne (1981), Silkwood (1983), Mitt Afrika (1985), Jerngress (1987), Et skrik i mørket (1988), Hilsen fra Hollywood (1990), Broene i Madison County (1995), One True Thing (1998), Musikk fra hjertet (1999), Adaptation (2002), The Devil Wears Prada (2006), Doubt (2008), Julie & Julia (2009), Familien, August: Osage County (2013), Into the Woods (2014), Florence Foster Jenkins (2016) og The Post (2017). Streep vende tilbake til teaterscena i 2001, då ho spelte i ei ny oppsetjing av Anton Tsjekhovs Måken. I 2004 vann ho ein ny Primetime Emmy Award for rolletolkinga i miniserien Angels in America (2003).
Streep har vorte nominert til 31 Golden Globe-prisar og vunne åtte av dem. Ho har òg vunne to Screen Actors Guild Awards, ein pris frå filmfestivalen i Cannes og to British Academy Film Awards, og dessutan vorte nominert til fem grammyprisar. I 2004 fekk ho ein ærespris frå det amerikanske filminstituttet og i 2014 vart ho tildelt Presidentens fridomsmedalje. Streep vart òg tildelt æresprisen Cecil B. DeMille Award under den 74. Golden Globe-utdelinga i januar 2017.[1]
Barndom og oppvekst

Mary Louise Streep vart fødd 22. juni 1949 i Summit i New Jersey som det første barnet til Mary Wolf Wilkinson (1915–2001), ein reklamekunstnar og kunstredaktør, og Harry William Streep jr. (1910–2003), ein administrerande farmasøyt. Ho har to veslebrør, Dana David og Harry William III.[2][3] Far til Streep var av tysk og sveitsisk bakgrunn. Farssida går tilbake til Loffenau i Tyskland, der tippoldefaren hennar, Gottfried Streeb, emigrerte til USA og der ein av forfedrane hennar var ordførar (etternamnet vart seinare endra til «Streep»). Ein anna slektslinje på farssida var frå Giswil i Sveits. Mor til Streep var av engelsk, tysk og irsk opphav.[4] Nokre av forfedrane til Streep på morssida budde i Pennsylvania og Rhode Island og var etterkommarar av innvandrarar frå England frå 1700-åra.
Privatliv
Streep gifta seg med Don Gummer i september 1978. Dei fekk Henry i 1979. Seinare fekk dei Mamie i 1983, Grace i 1986 og Louisa i 1991
Filmografi i utval
- Mamma Mia! Here We Go Again (2018)
- The Post (2017)
- Florence Foster Jenkins (2016)
- Suffragette – Kampen for frihet (2015)
- Ricki and the Flash (2015)
- Into the Woods (2014)
- The Homesman (2014)
- Familien, August: Osage County (2013)
- Hope Springs (2012)
- Jernkvinnen (2012)
- Julie & Julia (2009)
- It's Complicated (2009)
- Den fantastiske Mikkel Rev (stemme, 2009)
- Mamma Mia! (2008)
- Doubt (2008)
- Dark Matter (2007)
- Evening (2007)
- Antatt skyldig (2007)
- Løver for lam (2007)
- The Devil Wears Prada (2006)
- A Prairie Home Companion (2006)
- Maurbølla (stemme, 2006)
- Prime (2005)
- En serie uheldige hendelser (2004)
- Ruterdame dreper (2004)
- Stuck on You (2003)
- Angels in America (2003)
- The Hours (2002)
- Adaptation (2002)
- A.I.: kunstig intelligens (stemme, 2001)
- Musikk fra hjertet (1999)
- One True Thing (1998)
- Dancing at Lughnasa (1998)
- ...First Do No Harm (1997)
- Marvins døtre (1996)
- Før og etter (1996)
- Broene i Madison County (1995)
- The River Wild (1994)
- Åndenes hus (1993)
- Døden kler henne (1992)
- Defending Your Life (1991)
- Hilsen fra Hollywood (1990)
- Hunn-djevelen (1989)
- Et skrik i mørket (1988)
- Jerngress (1987)
- Heartburn – I gode og onde dager (1986)
- Plenty (1985)
- Mitt Afrika (1985)
- Falling in Love (1984)
- Silkwood (1983)
- Sofies valg (1982)
- Still of the Night (1982)
- Den franske løytnantens kvinne (1981)
- Manhattan (1979)
- Kramer mot Kramer (1979)
- Uncommon Women and Others (1979)
- The Seduction of Joe Tynan (1979)
- Hjortejegeren (1978)
- Holocaust (1978)
- Julia (1977)
- Everybody Rides the Carousel (stemme, 1975)
Prisar og utmerkingar (utval)
- 1993 – Rungstedlundprisen
Spelestil og rolleval

Fleire kritikarar har kommentert Streeps spelestil og korleis han påverkar motspelarane hennar. Streep har sjølv sagt at ho ikkje har ein spesiell spelemetode og at ho berre har eit overflatisk kjennskap til ting ho lærte av ulike dramalærarar. I filmprosjekt ønskjer ho seg regissørar som gir henne full kontroll over si eiga rolleskildring, og som gir henne løyve til å improvisera og læra av sine eigne feil.[5] Biografen Karina Longworth har kalla Streeps rolleskildringar «eksterne» og meiner at ho går inn i rollene sine, i staden for å berre personifisera dei. Rollene i Manhattan (1978) og Kramer mot Kramer (1979) vart samanlikna med rollene til Diane Keaton og Jill Clayburgh, fordi figurane var usympatiske. Streep har rett nok sagt at ho har ein tendens til å velja kvinneroller som er vanskelege å lika og som manglar empati.[5]
Mange kritikarar har kalla Streep ein teknisk skodespelar som prioriterer tekniske detaljar som bakgrunnsinformasjon og aksentar i staden for det instinktive.[5] Denne oppfatninga var spesielt framtredande etter kinosuksessen Mitt Afrika (1985). Ho vart kritisert for dette, og kritikarar meinte at det gjorde skodespelet synleg.[5] Per Haddal frå Aftenposten skreiv i meldinga for Jerngress (1987) at ein «ser teknikken og studiene så tydelig, her har vi med den mekaniske Streep å gjøre».[6] Mick LaSalle frå San Francisco Chronicle skreiv i ei melding for One True Thing (1998) at denne oppfatninga var feil. Han skreiv at Streep er «instinktiv og naturlig [...] hun spiller på inspirasjon».
Streep har òg vorte kjent for evna til å imitera ulike aksentar.[7] Ho har blant anna meistra ein sørstatsaksent i Mann med ambisjoner (1979), standardengelsk i Den franske løytnantens kvinne (1981), ein polsk aksent i Sofies valg (1982), ein dansk aksent i Mitt Afrika (1985), ein irsk aksent i Jerngress (1987), ein australsk aksent i Et skrik i mørket (1988), italiensk aksent i Broene i Madison County (1995) og Bronx-aksent i Doubt (2008). I Jernkvinnen (2011) etterlikna ho den distinkte talestilen til Margaret Thatcher.[8] Streep har sagt at ho voks opp med artistar som Barbra Streisand, The Beatles og Bob Dylan, og at ho lærte mykje om korleis ho kunne bruka stemmen sin ved å høyra på albuma til Streisand.[9]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.