From Wikipedia, the free encyclopedia
Presidentens fridomsmedalje, eng. Presidential Medal of Freedom, er den eine av USAs to høgaste sivile utmerkingar. Den blir tildelt personar som har ytt eit «særskild meritterande bidrag til den nasjonale tryggleiken eller nasjonale interesser for USA, for verdsfreden eller kulturelle eller andre betydningsfulle offentlege eller private strevnader».[treng kjelde]
Medaljen vart oppretta av president John F. Kennedy i 1963. Den bygger på Fridomsmedaljen, etablert av Harry S. Truman i 1945 for å heidre innsats under andre verdskrigen og for tryggleiksinteressene til USA. President Kennedy utvida med Presidentens fridomsmedalje verkeområdet til utmerkinga til også å gjelde innsats for samfunn, vitskap og kultur. Presidentens fridomsmedalje fekk òg ei anna inndeling enn det Fridomsmedaljen hadde og medaljen fekk heilt ny utforming.
.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.