Merima Maja Brkic
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Merima Maja Brkic (fødd 5. mai 1981 i Sarajevo) er ein norsk forfattar. Brkic kom som flyktning frå Bosnia til Årdal i 1993. Ho tok eksamen ved Årdal vidaregåande skule i 2000 og gjekk deretter eit år på Heimly Folkehøgskole i Troms. Deretter tok ho høgare utdanning i England og avslutta med doktorgrad i nevrologi ved Universitetet i Oxford i 2009.
Sidan 2009 har ho hatt fleire stillingar i England. Ho har vore politisk rådgjevar for tidlegare statsminister David Cameron og har vore tilsett i ulike rådgjevings- og forbrukarorganisasjonar, mellom anna Ofgem, Nacro og HM Revenue and Customs.
I 1996 gav ho ut diktsamlinga Stans denne natta! og i 1999 kom Vekk meg. Dikta handlar om krig og om korleis barn opplever han. Brkic fekk Sunnmørsprisen i 1999.[1]
1999 – Vekk meg : dikt (Oslo: Samlaget). ISBN 82-521-5535-9 I fulltekst ved nb.no
1999 – Godnatt : fortellinger fra vide verden (Oslo: Kulturbro). ISBN 82-91234-25-6 I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Admir og stjerner / Merima Maja Brkic]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.