familie av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Meiser, vitskapleg namn Paridae, er ein familie av små sporvefuglar som samlar om lag 63 artar i 13 slekter og som finst på den nordlege halvkula og Afrika.
Meisefamilien | |
Blåmeis og svartmeis på ei matstrømpe. | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av meisefamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Parvorden: | Passerida |
Overfamilie: | Sylvioidea |
Familie: | Meisefamilien Paridae Vigors, 1825 |
Desse fuglane er i hovudsak små tettvaksne skogsartar med kort, rakt og som regel konisk nebb og små, fjørkledde naseopningar. Nokre har fjørtopp. Lengda varierer i området 9-22 centimeter. Dei er tilpassingsdyktige fuglar, med ein blanda diett av frø og insekt.[1] Mange artar lever gjerne nær menneske og kjem lett til fuglebrett for å ta for seg av nøtter eller frø, og dei er opportunistiske i søk etter føde. I Storbritannia er kjøtmeis og blåmeis kjente for å ha lært å bryte opp lokket på mjølkeflasker for å få tilgang på fløyten som flyt øvst i flaska.[2]
Dette er hólehekkande fuglar, vanlegvis i tre, men nokre artar byggjer reir på bakken. Dei legg i alt 3-19 flekkete, kvite egg, avhengig av arten.[1]
Med unntak av dei tre monotypisk slektene Sylviparus, Melanochlora og Pseudopodoces, er meisene mykje like i utsjånad, og har vorte skildra som «ein av dei mest konservative fuglefamiliar i form av generell morfologi».[3] Den typiske lengda for ein art i familien er mellom 10–16 cm, tar ein med dei monotypisk slektene utvidast området til 9–21 cm. Fuglane varierer i vekt frå 5 til 49 gram, og 7-29 g når dei tre atypiske slektene er fjerna. Dei fleste av variasjonen innanfor familien finn ein i fjørdrakta, og særleg fargene.[4]
Meisenebba er generelt korte, og varierer mellom tjukke og fine avhengig av føda som arten har spesialisert seg på. Meir insektetande artar har finare nebb, medan dei som et mest frø har tjukkare nebb. Det mest avvikande nebbet i familien finn ein hos bakkemeis, som har langt og nedbøygd nebb.[4]
Meiser har vid utbreiing, dei finst over det meste av Europa, Asia, Nord-Amerika og Afrika. Slekta Poecile finn ein frå Europa gjennom Asia og til Nord-Amerika, så langt sør som sørlege Mexico. Amerikanske artar i denne slekta er på engelsk språk kjent som 'chickadees' etter læte deira. Nokre artar i denne slekta har ganske stor naturleg distribusjon, ein, lappmeis, har utbreiing frå Skandinavia over Sibir til Alaska og Canada. Fleirtalet av meisene i slekta Periparus er funne i den søraustlege delen av Asia. Dette inkluderer to artar endemiske for Filippinane. Svartmeis, som òg er i denne slekta, er ein mykje meir utbreidd art, frå Dei britiske øyane og Nord-Afrika aust til Japan. Dei to toppmeisene av slekta Lophophanes har ein fråskilt distribusjon, med éin art i Europa og den andre i det sentrale Asia.[4]
Artene i slekta Baeolophus er unike for Amerika. Den største slekta, har Parus mange artar som finst i Afrika, fleire i sørlege og austlege Asia, og ein, kjøtmeis, som strekkjer seg frå Vest-Europa til Indonesia. Cyanistes har ein europeisk og asiatisk distribusjon, òg litt inn i det nordlege Afrika, og dei tre attverande slektene, Pseudopodoces, Sylviparus og Melanochlora er alle avgrensa til Asia.[4]
Meiser er aktive, støyande og sosiale fuglar. Meiser har òg ei rekkje metodar for å tiltrekke seg partnarar, primært gjennom den intrikate, livlege paringsdansen. Dei er territoriale i hekketida og etter hekkesesongen slår dei seg ofte saman i fleirartsflokkar på matauk. For det meste er dei standfuglar og eller streiffuglar. Meiser er svært tilpassingsdyktige, og etter kråker og papegøyar er dei blant mest intelligente av alle fuglar.[4]
Meiser kan gjere ei rekkje ulike rop og songar. Dei er blant dei mest vokale av alle fuglar, skravlar kontinuerleg i dei fleste situasjonane, så mykje at dei er berre nokon gong stille for spesifikke årsaker som til dømes å unngå predatorar, eller når dei trengjer seg inn på territoriet til ein rival. Stille lokking skjer mens dei beitar for å halde kontakt med andre i den sosiale gruppa si.[4] Anna læte er varselrop, den mest berømte av dei er 'chic-a-dee-dee' hos nordamerikanske artar i Poecile-slekta, ytringar som gjev dei deira lokale fellesnamn på engelsk, -chickadee. Ropa kan og nyttast til å innkalle andre til å mobbe og trakassere predatorar. Det er vist gjennom forsøk at mengder 'dee'-stavingar på slutten av ropet aukar med grad av fare som predatoren utgjer.[5]
Meiser er generelt insektetarar som brukar eit breitt spekter av små insekt og andre virvellause dyr, spesielt små bladetande larver. Dei et òg frø og nøtter, særleg om vinteren. Eit karakteristisk metode for næringssøk i familien er å inspisere greiner eller kvistar og blad frå alle vinklar medan dei hengjer opp ned.[4] I område der mange meiseartar sameksisterer vil ulike artar beite i ulike delar av treet; større artar beitar på bakken, mellomstore artar beite på større greiner, og den minste arten på endene av greina. Etter å ha fått større byttedyr eller frø, kan meisene halde byttet med ein fot og hamrar det med nebbet til det opnar. På denne måten kan dei jamvel opne hasselnøtter på rundt 20 minutt. Fuglar i ei rekkje slekter engasjere seg i matlagring, dei hamstrar forsyningar av mat i løpet av vinteren.[6] Desse forråda er vanlegvis av frø, men kan òg vere av insekt.
Dei fleste artane var tidlegare klassifisert i slekta Parus, midt på 1990-talet var berre fire slekter utanom Parus godt anerkjente. Denne ordninga blei rekna som parafylisk og Parus har gradvis blitt splitta slik at det per 2017 er totalt 13 biologiske slekter, 4 av desse er monotypiske, (inneheld berre ein art).
Dei 63 nolevande anerkjente meiseartane i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[7] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[8]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.