From Wikipedia, the free encyclopedia
McMurdo-basen er eit amerikansk forskingssenter i Antarktis som ligg på sørtuppen av Ross Island i Ross Dependency ved breidda av McMurdo Sound i Antarktis. Han vart driven av USA gjennom United States Antarctic Program, ein grein under National Science Foundation. Stasjonen er det største samfunnet i Antarktis og kan ta imot opp til 1258 innbyggjarar.[1] Alt personell og last som kjem til eller frå Amundsen-Scott-stasjonen passerer først gjennom McMurdo.
McMurdo-stasjonen | |||
stasjon | |||
McMurdo-basen frå Observation Hill | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Ross Island | ||
- koordinatar | 77°51′S 166°40′E | ||
Folketal | 250 | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
McMurdo-stasjonen 77.848209°S 166.668422°E | |||
Wikimedia Commons: McMurdo Station | |||
Stasjonen er kalla opp etter McMurdo Sound, som igjen er kalla opp etter løytnant Archibald McMurdo på H.M.S. «Terror», som først kartla området i 1841 leia av den britiske utforskaren James Clark Ross. Den britiske oppdagaren Robert Falcon Scott var den første til å opprette ein base nær denne staden i 1902, og bygde Discovery Hut som framleis står nær hamna ved Hut Point. Basen vart offisielt opna den 16. februar 1956 og vart opphavleg kalla Naval Air Facility McMurdo. Den 28. november 1957 var admiral George J. Dufek på basen i lag med ein delegasjon frå den amerikanske kongressen, under eit kommandobyte.[2]
McMurdo vart sentrum for den vitskaplege og logistiske operasjonen under Det internasjonale geofysiske året,[2] eit internasjonalt vitskapleg samarbeid som varte frå 1. juli 1957 til 31. desember 1958.
3. mars 1962 vart eit atomkraftverk ved stasjonen. Verket ligg nær Discovery Hut og kom i prefabrikerte modular[3] The reactor generated 1,8 MW of electrical power[4] Ingeniørar nytta mellom energien til å produsere damp for destillering av saltvatn. Army Nuclear Power Program la ned verket i 1972 og ein gjekk over til å bruke vanlege dieselgenerator.
Med alle månadane med middeltemperatur under null grader, har McMurdo eit arktisk klima (Köppen-klassifisering EF).
Vêrdata for McMurdo-basen | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Gjennomsnittleg maks °C | −0,2 | −6,3 | −14 | −17,4 | −19 | −19,1 | −21,7 | −22,8 | −20,8 | −15,5 | −6,7 | −0,8 | −13,5 |
Døgnmiddeltemperatur °C | −2,9 | −9,5 | −18,2 | −20,7 | −21,7 | −23 | −25,7 | −26,1 | −24,6 | −18,9 | −9,7 | −3,4 | −16,9 |
Gjennomsnittleg min °C | −5,5 | −11,6 | −21,1 | −24,9 | −27,1 | −27,3 | −30,1 | −31,8 | −29,4 | −23,4 | −12,7 | −6 | −20,6 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 15 | 21,2 | 24,1 | 18,4 | 23,7 | 24,9 | 15,6 | 11,3 | 11,8 | 9,7 | 9,5 | 15,7 | 200,9 |
Kjelde: Cool Antarctic[5] |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.