From Wikipedia, the free encyclopedia
Mayra Andrade (fødd 13. februar 1985) er ein kappverdisk songar busett i Paris. Ho er anerkjend for si moderne tolking av den tradisjonelle musikkstilen morna frå Kapp Verde.[1][2] Andrade er påverka av og blitt samanlikna med Cesária Évora.[3][4]
Mayra Andrade | |||
| |||
Fødd | 13. februar 1985 (39 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Havanna | ||
Opphav | Kapp Verde | ||
Aktiv | 2001– | ||
Sjanger | Morna, batuque, funaná, jazz, verdsmusikk | ||
Instrument | perkusjon, vokal | ||
Plateselskap | RCA Records, Columbia Records | ||
Verka som | musikar, songar, skodespelar | ||
Prisar | OkayAfrica 100 Women |
Andrade blei fødd i Havanna på Cuba av kappverdiske foreldre, og familien flytta tilbake til Kapp Verde få dagar etter at ho var fødd. Ho budde dei første åra av livet på Kapp Verde, men ettersom faren var diplomat drog ho med familien til mange ulike land som barn. Ho budde mellom anna i Senegal, Angola og Tyskland,[5] men var nokre månader kvart år på hovudøya Santiago på Kapp Verde.[5][6] Ho flytta til Paris i 2002,[7] og til Lisboa i 2015.[8]
Andrade byrja opptre som tenåring.[9] Ho er fleirspråkleg, men har markert seg ved å synga på Kapp Verde-kreol. Ho har sjølv sagt at ho blei inspirert av den brasilianske musikaren Caetano Veloso.[9]
Ho tok songundervisning i Paris då ho var 17 år.[5] På den tida møtte ho komponisten Orlando Pantera og innleidde eit samarbeid med han.[9] Ho sang saman med heltinna Cesária Évora på klubben New Morning.[10]
Mayra Andrade byrja etter kvart å opptre i portugisiskspråklege område som Kapp Verde og Portugal,[11] og i franskspråklege område. Ho deltok på Oslo World Music Festival i 2013.[12]
I 2015 blei Andrade kjendis-ambassadør for SN-kampanjen 'Fri og likeverdig', med mål om å verna om menneskerettane til LGBT-folk på Kapp Verde.[13]
I 2005 spelte Andrade inn ein duett med Charles Aznavour på hans siste album.[10] Ho medverka også på The Paris Sessions med Idan Raichel (Israel) og Vieux Farka Touré (Mali) i The Toure-Raichel Collective,[14] og Roberto Fonescoa sitt Akokan (2009).[15]
Det føste soloalbumet hennar, Navega, kom ut i 2006. Alle songane bortsett frå ein er sungne på Kapp Verde-kreol. Den ein songen som ikkje er det er den franske «Comme s'il en pleuvait» skriven av Tété.[10]
På det andre albumet sitt, Stória, stória, samarbeidde Mayra med den kappverdiske multi-instrumentalisten Kim Alves, den kamerunske bassisten Étienne M'Bappé og den brasilianske perkusjonisten Zé Luis Nascimento. Det tredje albumet, Studio 105, spelte ho inn live i Maison de la Radio i Paris.
Ifølgje Andrade sjølv var det fjerde albumet hennar, Lovely Difficult (2013), mindre tradisjonelt enn dei tre første. Dette albumet er meir prega av popmusikk og blei spelt inn i samarbeid med artistar frå USA, Israel, Frankrike[16] og Storbritannia, og har tekstar på portugisisk, kreolsk, fransk og engelsk.[17]
Albumet Manga (2019) blei spelt inn i Paris og Abidjan, og inneheld ei blanding av afrobeat, urban musikk og tradisjonelle rytmar frå Kapp Verde.[18][19]
I 2001, 16 år gammal, fekk Andrade prisen for beste songskribent under Jeux de la Francophonie.[11]
Andrade fekk «Preis der Deutschen Schallplattenkritik» (prisen til dei tyske platemeldarane) for albumet Navega i 2007 og for Stória, stória... i 2009.[22][23] Ho fekk også «Newcomer award» i BBC Radio 3 Awards for World Music i 2008.[6]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.