From Wikipedia, the free encyclopedia
«Maybe Baby» er ein rock and roll-song skriven av Buddy Holly og produsenten Norman Petty. Songen vart spelt inn av Holly og The Crickets i 1957 og gjeven ut på singel. På singelen er dei berre omtalt som The Crickets og han vart ein hit i USA, Storbritannia og Canada.[2]
Maybe Baby Singel av The Crickets frå albumet The "Chirping" Crickets | ||
B-side |
«Tell Me How» | |
---|---|---|
Innspelt | 29. september 1957, Tinker Air Force Base i Midwest City i Oklahoma | |
Sjanger | Rock and roll | |
Selskap | Brunswick | |
Låtskrivar(ar) | Buddy Holly og Norman Petty | |
Produsent | Norman Petty[1] | |
The Crickets-kronologi | ||
«Oh, Boy!» (1957) |
Maybe Baby | «Think It Over» (1958)
|
«Maybe Baby» vart spelt inn på Tinker Air Force Base i Midwest City i Oklahoma seint på natta 29. september 1957, medan Buddy Holly and The Crickets var på turné. Same kvelden som opptaket hadde dei konsert i Oklahoma City Municipal Auditorium med The Show of Stars '57.[3] Den ganske enkle teksten er sett til musikk med eit akkompagnement som er typisk for rockabilly.[1]
«Maybe Baby» vart opphavleg spelt inn av Holly og The Crickets i 1957,[4] og nådde 17. plassen på den amerikanske singellista og fjerdeplassen på den britiske. Holly turnerte i Storbritannia dette året. Singelen nådde òg åttandeplassen på R&B-lista til Billboard og niandeplassen på den kanadiske singellista.[5]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.