From Wikipedia, the free encyclopedia
Matthew Hudson-Smith (fødd 26. oktober 1994) er ein britisk friidrettsutøvar frå Wolverhampton som vart europameister på 400 meter i 2018 og 2022, i den siste meisterskapen fekk han også gull i 4 x 400 meter stafett. Sommaren 2023 vann han sølvmedaljen på 400-meteren i VM i Budapest, eitt år seinare gjorde han sitt livs løp og vann OL-sølv i Paris med europarekord-tida 43,44 sekund.
Matthew Hudson-Smith | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 26. oktober 1994 (29 år) Wolverhampton |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Friidrett under Sommar-OL 2016 |
Hudson-Smith sigra på 400 meter ved EM 2018, fire år etter han tok EM-sølv på same distansen. Både under Friidretts-EM 2014 og 2016 var han med på Storbritannias lag som vann gull i 4 x 400 meter stafett. Han presterte personbeste på 44,48 sekund i semifinalen på 400 m under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro. Frå europameisterskapen 2018 i Berlin reiste han med individuell gullmedalje og stafett-sølv. Sidan vann han bronsemedaljen då verdsmeisterskapen i friidrett 2022 fann stad i USA. Under verdsmeisterskapen 2023 sprang han i semifinalen i mål på tida 44,26, sletta dermed den 36 år gamle europarekorden til Thomas Schönlebde. I sjølve finalen vart han andremann bakom Antonio Watson frå USA. Juli 2024 forbetra Hudson-Smith rekorden sin til 43,74 sekund i London. 7. august i Paris kom han i mål til sølvmedalje i OL-finalen 2024, flytta europarekorden ned til 43,44. Quincy Hall frå USA kneip gullmedaljen med 43,40.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.