Japansk skihopper, trener, sportskommentator From Wikipedia, the free encyclopedia
Masahiko Harada (fødd 9. mai 1968) er ein japansk, tidlegare skihoppar frå Kamikawa på Hokkaido. Han vann to VM-gull, fyrst i Falun 1993 i normalbakken og sist i Trondheim 1997 i storbakken. Under vinter-OL 1998 i Nagano sikra han OL-gull for Japan i laghopping. Mellom 1993 og 1999 vann Harada ni medaljar i ulike ski-VM og vinter-OL; fem av medaljane var individuelle prestasjonar, dei fire andre vann han i lag med hoppkameratar frå Japan. Han deltok i alle vinterolympiadane frå 1992 og 2006.
Masahiko Harada | |
Statsborgarskap | Japan |
Fødd | 9. mai 1968 (56 år) Kamikawa |
Idrett | skihopping |
Tok del i | Vinter-OL 2006, Vinter-OL 1992, Vinter-OL 2002, Asiatiske vinterleker 2003, Skihopping under Vinter-OL 1998 – Stor bakke, Skihopping under Vinter-OL 1994 – Laghopp, Skihopping under Vinter-OL 1998 – Laghopp |
Harada vart nummer fire i den tysk-austerrikske hoppveka 1992/93, noko som skulle verte hans beste plassering i hoppveka. Under verdsmeisterskapen 1993 i Falun overraska han stort, etter å ha vorte nummer fire i storbakken gjekk han heilt til topps i normalbakken.
Harada vert mellom anna hugsa for kollapsen i avslutninga av laghopptevlinga under OL på Lillehammer i 1994. Det japanske laget leia suverent før det siste hoppet i den store bakken. Harada, ankermannen, hadde hoppa 122 meter i sitt fyrste hopp og trong berre å hoppe om lag 105 meter i siste omgangen for å sikre gullet. Harada feila og landa på 97,5 meter, dermed gjekk OL-gullet til Tyskland.
Fyrst i desember 1995 vann Harada sitt fyrste verdscuprenn. Sidan i same sesongen gjekk han til topps i ytterlegare tre renn, medan dei siste fem verdscupsigrane kom i OL-sesongen 1997/98. I mellomtida vann Harada eit nytt, noko overraskande verdsmeisterskap i skihopping, då han i Trondheim i 1997 vann hopprennet i storbakken under ski-VM i Trondheim. Tidlegare i meisterskapen hadde han teke sølvmedaljen i normalbakken, berre overgått av Janne Ahonen frå Finland, og han hadde vunne sølv i laghoppinga.
I 1998 fekk Harada bronsemedaljen i storbakke-tevlinga under OL, som gjekk i heimlandet hans. Berre landsmannen Kazuyoshi Funaki og Jani Soininen frå Finland hoppa betre. Harada vart dessutan nummer fem i normalbakken. I same meisterskapen fekk Harada atter sjansen til å vinne OL-gull i laghopp. Det fyrste hoppet hans målte berre 79,5 meter og laget fall frå fyrste- til fjerdeplass. I sitt andre hopp klemde han til med bakkerekord; 137 meter. Lagkameraten Kazuyoshi Funaki sikra så gullet med eit hopp på 125 meter, den fyrste olympiske gullmedaljen i hopp for Japan sidan OL i Sapporo 1972. Dei andre på laget var Takanobu Okabe og Hiroya Saitō. Sesongen 1997/98 vart Harada nummer fire i den totale verdscupen, hans beste plassering i verdscupen nokon gong.
Harada kom på bronseplass i hopprennet i normalbakken under ski-VM 1999 i Ramsau. Han var i same verdsmeisterskapen atter ein gong med på eit japansk lag som tok medalje i lagtevlinga, denne gongen eit VM-sølv.
Harada la opp i 2006.
Nr. | Dato | Stad | Land |
---|---|---|---|
1. | 8. desember 1995 | Villach | Austerrike |
2. | 18. februar 1996 | Iron Mountain | USA |
3. | 1. mars 1996 | Lahti | Finland |
4. | 3. mars 1996 | Lahti | Finland |
5. | 8. desember 1997 | Villach | Austerrike |
6. | 12. desember 1997 | Harrachov | Tsjekkia |
7. | 21. desember 1998 | Engelberg | Sveits |
8. | 11. januar 1998 | Ramsau | Austerrike |
9. | 13. mars 1998 | Trondheim | Noreg |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.